Faksimile VTB 9. februar.
Faksimile VTB 9. februar.

Vurderer å overprøve sak om deling

Med tre mot to røyster vedtok Nissedal formannskap at fyresdølen Olav Inge Nordbø kan dele driftseininga si i to. Etter varsel til Fylkesmannen vil han nå vurdere heile saka før det kjem ei avgjerd frå den kanten.

I starten av februar sa KrF og Ap i Nissedal formannskap ja til at Olav Inge Nordbø kan dele driftseining Vik 7/1 og Tveitane 14/1 i to. Nordbø ynskjer å behalde den eine eigedomen. Vidare gav politikarane samtykke til at den 13,3 dekar store teigen Myrane blir delt frå Vik på vilkår at den blir overført til Vik camping.

I midten av februar sendte Fylkesmannen eit varsel til Nordbø om at formannskapsvedtaket om deling vil bli vurdert overprøvd etter forvaltingslova paragraf 35.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Fylkesmannen har mottatt varsel om oversitting av frist for å overdra eigedomen og om delingssak gjeldande Vik 7/1 og Tveitane 14/1 i Nissedal kommune. Fylkesmannen vil prøve om vedtaket til Nissedal kommune er i strid med jordlova og nasjonale retningslinjer. Med omsyn til mottatt melding om oversitting av frist for å overdra eigedomen, kjem Fylkesmannen tilbake til dette i eige brev», varslar seniorrådgjevar Ingvild Grov Korneliussen hos Fylkesmannen.

Vidare har Fylkesmannen bede Nissedal kommune om å få tilsendt alle dokument i saka, før instansen kjem med ei avgjerd.

Frist ut 2017

Formannskapsfleirtalet grunngjev delinga med at dette på best måte legg til rette for framtidig busetting på begge bruka, noko som er eit overordna mål for kommunen. Når Vik skal seljast for seg, slepp ny eigar å få byrda ved å vedlikehalde bygningsmasse på eit tun nummer 2 (Tveitane) han ikkje har bruk for. Med vedtaket legg ein til rette for at Tveitane-tunet på sikt igjen kan bli eigen buplass, meinte KrF og Ap.

I utgreiinga til formannskapet skreiv sakshandsamar Peter Rieber-Mohn mellom anna dette: «Vik og Tveitane til saman har ikkje særleg store produktive areal. Å dele dei på to driftseiningar vil ikkje vere i samsvar med jordlova. Det er også ønskeleg at dei uproduktive utmarksareala, som mellom anna gjev jaktrett, høyrer til og styrker driftseininga».

Tilrådinga frå rådmannen var å seie nei til deling av driftseininga.

Nordbø hadde frist til 31. desember 2017 med å busette seg på driftseininga for å oppfylle lovbestemt buplikt eller å overdra eigedomane.