Vurderer å samarbeide om flyktningar
Dei økonomiske konsekvensane av å ikkje lenger ta imot flyktningar blir store for kommunane i Vest-Telemark. Eit interkommunalt samarbeid om flyktningtenesta kan bli løysinga.
– Kommunane i Vest-Telemark vil li eit stort tap på mange vis, ikkje minst økonomisk, konkluderer rådmann i Fyresdal, Ketil O. Kiland, i eit notat han har utarbeidd. Notatet er lagt ved som eit drøftingsgrunnlag i ei sak som Vest-Telemarkrådet skal handsame på møtet i neste veke. Det er ikkje gjort noko tilråding i saka, og regionrådsleiar Anne Aasmundtveit veit ikkje om det kjem til å bli gjort noko vedtak.
Millionbeløp på spel
I innspelet frå Fyresdal kommune blir det peika på at om kommunane i Vest-Telemark må avvikle tilboda sine til flyktningar, vil dette kvart år utgjera millionbeløp for den einskilde kommunen. Konsekvensane kan mellom anna bli at rammeoverføringane til kommunane vil falle ekstra mykje, då det er barnefamiliar som flyttar, skriv Kiland. Han rekstar vidare opp at kommunane vil miste arbeidsplassar og at overskotslikviditet som fylgje av god og effektiv flyktningteneste blir borte.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Regjeringa vil truleg meine at dette løyser me med kommunesamanslåing, heiter det i notatet, der det heller blir gjort framlegg om å løyse saka om mottak av flyktningar ved interkommunalt samarbeid.
Korleis kan så slikt organiserast?
Eitt alternativ kan, ifylgje notatet, vera å opprette eit felles interkommunalt selskap (IKS), eit anna å samarbeide etter vertskommunemodellen, eit tredje å danne eit aksjeselskap.
Mistar politisk styring
Av utgreiinga går det elles fram at interkommunale samarbeid som blir organisert som selskap reduserer den direkte folkevalde styringa og kontrollen, men at vertskommunemodellen er den organiseringa som er underlagt mest politisk kontroll.
I notatet blir det også lagt vekt på at integreringsarbeidet må gå føre seg i den einskilde kommunen, og at medarbeidarar skal vera tilsett i kvar enkelt kommune.
– Det blir meir ei administrativ og økonomisk eining som leggjast til ein kommune. Denne eininga kan på vegne av regionen ha ulike gjeremål som samordning av søknadar om mottak av nye flyktningar, føre rekneskap for flyktningtenesta i den einskilde kommunen, samordne og effektivisere tolketeneste, organisere transport og arrangement, samt andre overordna gjeremål, er nokre av arbeidsoppgåvene som er lista opp.
Om Vest-Telemarkrådet, der alle seks rådmennene og alle seks ordførarane er med, kjem til å gjera vedtak i saka når dei tysdag samlast på Lien Fjellgard i Svartdal, er, som tidlegare nemnt, uvisst.