Vurderer å samle inn avfallet sjølv
Eigarane av Renovest skal ta stilling til om verksemda sjølv skal samle inn avfallet frå hus- og hytteabonnentane. Blir jobben gjort i eigen regi er det behov for fem lastebilar og rundt elleve tilsette.
Renovest IKS blei oppretta av kommunane i Vest-Telemark, utanom Nissedal, i 1998. Fram til nå har jobben med å samle inn avfall frå husog hytteabonnentane blitt lagt ut på anbod.
I seinare tid har styret i Renovest vedteke å gjennomføre renovasjonsordninga i eigen regi. Sidan dette vil få eit stort omfang for selskapet har dagleg leiar Toralf Orekåsa kome med krav om at saka må bli behandla av eigarkommunane i eit representantskapsmøte.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er i og for seg heilt greitt for styret at saka kjem opp i representantskapet, for det er på ein måte ei stor sak. Det er viktig å ha ein ordentleg diskusjon om saka, seier styreleiar Åge Verpe litt over to veker før møtet.
Fleksibilitet
Verpe seier dagens ordning med anbodskonkurranse kan føre til at kanskje bare eitt eller to selskap legg inn tilbod, og då blir det nesten eit monopol, ein utgang som kan gje høgare anbodspris.
– Eit prinsipp er at skal innsamlinga ut i konkurranse, skal det vere ein reell konkurranse, seier styreleiaren.
Vidare nemner han at viss ein samlar inn avfallet sjølv, har det noko med fleksibilitet å gjere – ein kan prøve ut ulike typar på frekvens i innsamlinga.
– Det kan vere vanskeleg å lage anbod som utgjer ulike for innsamling, seier Verpe.
Fleire fordelar
Styreleiaren ser det også mogleg å utvikle Renovest meir lokalt om ein har innsamling i eigen regi. Ein annan fordel er at ein kan behalde arbeidskrafta i regionen. Elles har Verpe i minnet rettssakene Renovest tapte (sjå undersak), ein situasjon som ikkje ville ha kome om ein sjølv henta avfallet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Verpe presiserer at ynsket om å ha innsamlinga i eigen regi ikkje har noko å gjere med at ein er misnøgd med firmaet som hentar avfallet i dag.
– Me er veldig fornøgd med dagens renovatør, seier styreleiaren.
– Om Renovest sjølv skal hente avfallet, blir det dyrare for abonnentane?
– Eg trur det vil liggje på dagens nivå, men det er fem år gamalt, svarar Verpe.
Vil ha saka breiare belyst
Avtala med dagens renovatør går ut til sommaren. Dagleg leiar Toralf Orekåsa i Renovest meiner renovasjonsordninga må lysast ut på anbod for perioden 1. juli 2018 til ut juni 2019. Vidare at det innan august i år blir utarbeidd ein bedrifts-, samfunnsøkonomiskog miljøanalyse av kva veg som er rett for verksemda å gå. Avhengig av resultatet av analysen blir det utarbeidd alternativ; eit konkurransegrunnlag for kjøp av bilar og utstyr (eigenregi), eller konkurransegrunnlag for å lyse ut renovasjonsordninga for eksternt tenestekjøp med verknad frå 1. juli 2019.
Vidare meiner dagleg leiar at om det blir innføring av eigenregi må ein prosjektere naudsynte og aktuelle bygg, påbygg/ombygg innan august i år.
– Det går på kostnadssida – eg meiner det ikkje er gevinst ved å samle inn avfallet i eigen regi. Eg vil ha saka belyst breiare, seier Orekåsa til VTB.
Om det blir slik at Renovest skal samle inn avfallet framover, er det behov for totalt fem til sju lastebilar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og me må tilsette 11–12 personar, trur Orekåsa.
Milliontap etter rettsdom
I 2012 blei Telemark godslinjer (TG) i Seljord valt som ny renovatør for Renovest. Den årlege anbodssummen var på nesten 11,7 millionar kroner utan moms, medan Sunde renovasjon og gjenvinning AS låg på litt over 14,7 millionar.
Sunde sende saka til Klagenemnda for offentlege innkjøp (Kofa), fordi ein meinte at TG ikkje oppfylte kvalifikasjonskravet i konkurransegrunnlaget om at prosjektleiar og fagansvarleg måtte ha «relevant erfaring frå tilsvarande oppdrag». Sunde sin advokat påpeika at anbodet frå TG skulle ha blitt avvist på grunn av manglande oppfylling av kvalifikasjonskravet. Kofa svara med at Renovest hadde brote forskrifta ved å ikkje avvise valt renovatør.
Partane prøvde så å snakke seg fram til eit forlik i saka, men det gjekk ikkje. Sunde tok deretter saka til Vest-Telemark tingrett, som kom til at Renovest hadde brote anskaffelsesforskrifta ved ikkje å avvise anbodet frå TG då selskapet ikkje oppfylte kvalifikasjonskrava. Dei blei dømd til å betale Sunde tre millionar kroner i erstatning, 138 000 i sakskostnader og 4300 i rettsgebyr. Kravet frå Sunde var på 5,8 millionar kroner.
Renovest anka saka til Agder lagmannsrett, og la ned påstand om frifinning fordi ein meinte dei ikkje hadde gjort noko feil. Sunde svara med å auke erstatningskravet til nesten 6,9 millionar kroner og at motparten skulle dekkje deira sakskostnader. Det blei påpeika at TG bare har erfaring frå bussog godstransport, ikkje renovasjon, og skulle blitt avvist.
Lagmannsretten slo sist sommar fast at Renovest skulle avvist TG som leverandør, fordi dei ikkje oppfylte krav til å delta i anbodskonkurransen. Prosjektleiar og fagansvarleg hadde ikkje «relevant erfaring frå tilsvarande oppdrag».
Lagmannsretten dømde Renovest IKS til å betale ei erstatning på over 5,5 millionar kroner til Sunde renovasjon og gjenvinning AS.