Det har ikkje vore drift i Vinje bygdeheim sidan Grungebruklinikken la ned drifta.
Det har ikkje vore drift i Vinje bygdeheim sidan Grungebruklinikken la ned drifta.

Vurderer å selje bygdeheimen

– Eg har planar om å kome opp til Vinje i oktober. Då skal eg sjå på bygget og vurdere kva eg skal gjere, seier eigar Erik Bang-Jensen.

Det er 15 år sidan Bang-Jensen overtok Vinje bygdeheim frå Vinje kommune for éi krone, og om lag sju år sidan Grungebruklinikken måtte legge ned drifta.

Bygget har stått ubrukt dei siste åra, og diskusjonen har i det siste gått på sosiale medier om kva som må gjerast med forfallet av bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Signe Torgrimsen, som var med i styret for Vinje Bygdeheim for 25 år sidan er blant dei som har tatt til orde for at noko må gjerast.

­– Det står og forfell. Blir det ståande slik er det ikkje noko framtid for bygget. Det er mange som synest det er for gale at det står slik, seier ho.

Brev til ordførar

Ragnvald Christenson i Edland har sendt brev til ordføraren der han spør om det er krav til drift og vedlikehald i kjøpekontrakten for salet.

Bygdeheimen vart bygd i 1954 av sanitetslaget, og sidan overtok kommunen bygget i 1978.
Bygdeheimen vart bygd i 1954 av sanitetslaget, og sidan overtok kommunen bygget i 1978.

Ordførar i Vinje, Jon Rikard Kleven, svarar at det vart skrive ein standard kjøpekontrakt utan vilkår for verken drift eller fyrsterett ved eit tilbakesal. Han skriv:

– Eg ser det som vanskeleg at kommunen skal gripe inn i den private eigedomsretten til ein einskild eigedom, og til dømes kome med pålegg om aktivitet.

Når det gjeld tilbakekjøp meiner ordføraren det er ein krevjande prosess.

– Dersom kommunen skal ta tak i hus som bør stellast opp, er det nok fleire hus og bygningar i kommunen vi burde sjå på, skriv ordføraren. 

Vurderer sal

Erik Bang-Jensen som no er buset på Lolland i Danmark, seier han har planar om å reise opp og flytte ut nokre fleire ting frå bygdeheimen før han gjer noko vidare med bygget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje nokon konkrete salsplanar, men om det er nokon som har interesse for det, kan det vere aktuelt å selje det, seier Bang-Jensen.