Svein Tore Fossen, Olav Lund, Hanne Kjersti Kåsa og Nathalie Løvbrekke. Framme: Tarjei Skræi.
Svein Tore Fossen, Olav Lund, Hanne Kjersti Kåsa og Nathalie Løvbrekke. Framme: Tarjei Skræi.

Ynskjer å ha montørar over heile landet

Seljord Varme inviterer handverkarar, snikkarar, murarar og tømrar til kurs. Målet er å ha tilgjengelege montørar over heile landet.

– Me kan ikkje stå i vegen for oss sjølve! Kundane kan sjølvsagt bruke oss i Seljord Varme. Me har flinke montørar, me. Men det vil bli billigare for kundane å nytte seg av montørar i nærområdet, lokale handverkarar.

Tarjei Skræi snakkar fort og mykje. Han har stadige idear på korleis han vil utvikle bedrifta. Det siste er ei eiga kursavdeling. I mai var totalt 24 personar innom i lokala på dei to dagskursa som blei haldne i samarbeid med Tom Erik Galambos frå Norsk brannvernforening. Og fleire står på venteliste til neste kurs, som ikkje datofesta.

Artikkelen held fram under annonsen.

På kursa lærer ein mellom anna å montere peis, peisomn, vedfyrt bakaromn og stålpipe. Tanken bak avdelinga er å ha kvalifiserte montørar rundt om i landet, i tillegg til at handverkarane sjølve kan utvide sitt kundegrunnlag. Vinn-vinn, meiner Skræi som ser dette som eit nytt verktøy til at folk skal velje bedrifta i Seljord når dei handlar, og via nettbutikken kunne velje ein samarbeidsmontør. Han karakteriserer konkuransen i bransjen som «gigantisk», og at ein må vera kreativ i kampen om kundane.

– Kundane kjøper varer på nettet og finn montørane på same nettstaden. Er det ein i Moss som har kjøpt ein omn som han vil ha montert, kan han leite etter ein montør i Moss på heimesida vår, legg han til.

Han meiner det potensielt ikkje er noko i vegen for å etablere eit landsdekkande nettverk med 300 montørar, og at dei innan utgangen av neste år bør ha kursa 80–100 montørar, fordela på 30–40 samarbeidande montørfirma.

Håvard Velta underviser kursdeltakarane i piperehabilitering.
Håvard Velta underviser kursdeltakarane i piperehabilitering.
Tarjei Skræi vil utdanne montørar over heile landet, og samarbeide med desse. Han har eige kurslokale i industribygget.
Tarjei Skræi vil utdanne montørar over heile landet, og samarbeide med desse. Han har eige kurslokale i industribygget.

Gullåra med varmepumper

Det er i år ti år sidan Skræi og Arvid Øygarden starta Seljord varmeservice AS. Sjølv om dei ikkje gjekk høgt ut med det, var intenintensjonen tidleg å sjå vidare enn Vest-Telemark som kundegrunnlag. Timinga var god og dei fekk med seg gullåra i salet av varmepumper. I 2009 og 2010 blei det selt meir enn 200 pumper i året. Totalt reknar Skræi med at dei har selt 1500–1600 varmepumper. Sjølv om denne marknaden ikkje er som han var har dei serviceavtaler på 500–600 pumper. Varmepumpene er i dag samla i ei eiga avdeling som ein tilsett har ansvaret for.

I dag sysselset bedrifta 9–10 årsverk og omset for nesten 20 millionar kroner. Tarjei Skræi nyttar ofte høvet til å rose dei tilsette:

– Dette handlar ikkje om meg. Me er eit veldig godt team. Det du få med!

– Ikkje minst må du få med Arvid Øygarden som var med å starta opp for ti år sidan. Han burde det nesten vore statue av utanfor her, held han fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

For tre år sidan flytta dei frå det som var gamle Esso i Seljord til næringsbygget på Vekan, i lokala som ein gong husa Seljord vin. Her rår bedrifta over 1600 kvadratmeter.

Satsar på kjerneområdet

Skræi har mange ballar i lufta. Nokon av dei har han sleppt, som Drake Chemicals – vaskeog reinsemiddel som mellom anna fjernar rust og reinsar metall. Firmaet som blei skilt ut frå Seljord Varmeservice, og etablert som eige selskap for tre år sidan er no delvis selt til aktørar i offshore-bransjen på Vestlandet.

Dessutan er gasstasjonen som blei etablert utanfor butikken borte.

– Det tok mykje tid, men gav lite pengar. Skal me bli betre på kjerneområdet vårt, må me velje bort noko, seier han.

Han har også innsett at internett er den beste kanalen å nå kundane på.

Seljord varme har redusert opningstidene, men har langope på torsdag og fredag når helgetrafikken er stor på E134 forbi Seljord. Skræi kallar det ikkje lenger ein butikk, men ein stad å vise fram varene.