Ynskjer bilfritt sentrum
Då reguleringsplanen for sentrum på Rauland var tema på folkemøte torsdag, var trafikk, parkering og nye vegar mest diskutert. Gunn Gardsjord ynskte at sentrum skulle bli fritt for biltrafikk.
Etter eit par rundar på bordet til politikarane i Vinje kommune vart det halde folkemøte om reguleringsplanen for Rauland sentrum på Akademiet torsdag.
Det var plan- og miljøutvalet i Vinje kommune som inviterte til møtet der arealplanleggjar Lotte Næss informerte om dei nye planane for sentrum.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bygdefolket møtte fram, og store delar av ordskiftet etter innleiinga til Næss handla om vegplasseringar, nye vegar og parkeringsplassar.
Treng endringar
Bakgrunnen for planforslaget kom i januar i fjor, og det har tatt litt lengre tid enn venta, kunne Næss fortelje.
Dagens reguleringsplan for sentrum vart vedteken i 2000. Han er ganske god, men treng endringar. Utfordringane ligg heilt klart på betre parkeringshøve og meir næring, uttala Næss.
Utkastet til ny plan har få endringar på industriområdet, for Næss trur at dette området kan nyttast betre enn det blir gjort i dag. Den nye idrettshallen har blitt plassert, men det er usikkert kvar ein skal ha parkeringsplassar knytt til bygget. Eit alternativ for å huse motorkøyretøy i sentrum er teikna inn på kartet mellom anna som ein parkeringskjellar, sjølv om Næss la vekt på at 45 parkeringsplassar under jorda ikkje ville vere eit lønsamt byggjeprosjekt for kommunen.
Skulle dette la seg gjere måtte ein knyte det saman med ein privat parkeringskjellar, sa Næss.
Planen syner eit nytt skiskyttaranlegg ved hoppbakken, ein mogleg framtidig trasé for snøskuterar, eit nytt industriområde med lite støy i området nord for Sauetjønn, fleire område for kombinert handel, kontor og bustad, og endringar i nokre av vegane til og i sentrum.
Bilfritt
Gunn Gardsjord ytra ynskje om at Rauland sentrum aller helst skulle vore bilfritt.
Hadde det ikkje vore betre å leggje trafikken utanom sentrum, uttala Gardsjord og fleire kom med framlegg på korleis ein kunne løyst dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men ikkje alle var samde i å fjerne riksvegen frå sentrum. Ein av motstandarane var eigar av Spar-butikken i bygda, Trygve Løvås.
Legg ein vekk vegen, vil butikkane fylgje etter. Det ser ein over alt. Dette er ikkje eit alternativ ein treng tenke på ein gong, sa Løvås og kunne også forsikre Næss om at nokon parkeringskjellar på Rauland er det ikkje økonomi til.
Kritiske område
Nokre område vart det peika på at det er naudsynt å ta fatt på innan kort tid. Det mest aktuelle temaet her var området ved skulen, og faren for at det kan skje ei ulykke i samband med levering og henting av ungar.
Området er i dag prega av anleggsmaskiner, og løysingane slik dei er i dag er både farlege og ikkje haldbare, peika fleire av dei frammøtte på, og kravde at kommunen gjorde tiltak raskt.
Eit anna område dei frammøtte var opptekne av var krysset ved handelshuset, og sa at mange vegstrekkje i sentrum treng fortau.
Reguleringsplanen ligg ute til høyring fram til 15. juni.