Eit av forslaga som kom inn før planarbeidet starta med trafikktryggleiksplanen var ynskje om forkjørsveg gjennom Seljord sentrum. (Arkivfoto)
Eit av forslaga som kom inn før planarbeidet starta med trafikktryggleiksplanen var ynskje om forkjørsveg gjennom Seljord sentrum. (Arkivfoto)

Ynskjer eit tryggare Seljord

Eit tryggare trafikalt Seljord er målet med den nye planen som nå ligg ute til høyring.

Seljord kommune er 711 kvadratkilometer stor og har 38 kilometer riksveg, 61 kilometer fylkesveg og 53 kilometer kommunal veg. Kommunen har også 10,5 kilometer gang- og sykkelvegar. Av desse ligg 2,7 kilometer langs riksveg og blir drifta av Vegvesenet. Dei resterande 7,8 kilometrane ligg langs kommunale og fylkeskommunale vegar og blir drifta av kommunen.

På dei kommunale vegane finn ein i dag 470 gateljos, der 76 er fylkeskommunale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ynskjer fleire gangvegar

Kommunen gjekk tidlegare i år ut og ynskte innspel til arbeidet med den reviderte trafikktryggleiksplanen. Dei fekk eitt forslag frå innbyggjarane. Ynsket var å få fortau i Tømmeråsen og å innføre forkjørsveg gjennom Seljord sentrum.

I planframlegget som nå ligg ute på høyring har kommunen sjølv sett opp ulike tiltak dei kan arbeide for i dei komande åra.

Dei meiner ein generelt kan arbeide for nye gangvegar, fleire gateljos, nye rekkverk, reduserte fartsgrenser, byggje fartsdemparar, rydde skiltliner, oppmerking av gangfelt, fjerne sand og grus for å unngå sykkelulykker, byggje busslommer og ha godt dekkje.

På riksvegane kan tiltak vere ny gang- og sykkelveg langs riksveg 36 på Bjørge, lengde 200 meter, ny GS-veg langs E134 Håkkedalen – Tverråi, lengde om lag 1300 meter, ny GS-veg langs E134 Flatdal skule – Nutheim, lengde om lag 1100 meter og vegljos i 300 meter langs E134 ved Nutheim.

Tiltak for fylkesvegane kan vere GS-veg langs Åmotsdalsvegen, frå kyrkja til Vihusbrua. Lengde vil vere 320 meter og prisen vil vere 1,5 millionar kroner. Andre tiltak kan vere GS-veg langs Mosasida og vegljos langs Åmotsdalsvegen frå Åmot til Haugan. Denne strekninga er 1500 meter, og om ein set opp 37 ljos vil det koste om lag 450 000 kroner.

Meir ljos

På dei kommunale vegane kan tiltak vere å utbetre snuplass og parkeringsplass for bussar ved ungdomsskulen til ein kostnad av 300 000 kroner, vegljos 160 meter langs Kapteinsgata vil koste 50 000 kroner, fortau langs Tømmeråsen og vegljos i Flatdalsbyen på det 650 meter lange strekkjet frå kyrkja til Storteig. Desse 17 ljospunkta vil koste 170 000 kroner. Vidare kan tiltaka vere ein 1200 meter lang GS-veg i Nordbygdi kostnadsrekna til 10 millionar kroner, sju ljospunkt over 240 meter mot leikeplassen i Langlim kostnadsrekna til 70 000 kroner og ny GS-veg på Ingrid Slettens veg, tenkt til ny kollektivterminal.

83 ulykker

Trafikktryggleiksplanen viser også ei oversikt over trafikkulykker i kommunen dei siste 10 åra. I perioden frå 2006 til 2015 har det totalt vore 83 ulykker som fordelar seg på 5 dødsulykker, 12 alvorleg skadde og 48 lettare skadde på E134 og riksveg 36. På fylkesvegane blei to alvorleg skadde og sju lettare skadde og på kommunale vegar blei ein alvorleg skadd og åtte lettare skadde i denne perioden.

I framlegget til ny plan står det at det er viktig at alle instansar som har ansvar for veg har fokus på ulykkesførebyggjande arbeid. Vidare har kommunen som mål for trafikktryggleik at Seljord skal vere eit lokalsamfunn der ingen blir drepne eller alvorleg skadd i trafikken.

Artikkelen held fram under annonsen.

For skulebarn er hovudmålet at alle skal ha ein sikker skuleveg. Kommunen skal gjere alle skulevegar trygge slik at mange elevar kan gå eller sykle, og alle barn skal få trafikkopplæring i samsvar med skulens og barnehagens eigne planar for trafikkopplæring.

Trafikktryggleiksplanen skal ta føre seg tilhøve som gjeld trafikktryggleik, både tiltak på kommunale vegar, fylkesvegar og riksvegar. Tiltak kan vere alt frå planlegging og reguleringsplanar, opplæring i skule og barnehage til fysiske tiltak. Det er sett av 1 million kroner per år i økonomiplanperioden til dette arbeidet.

Ut på høyring

Den fyrste trafikktryggleiksplanen for Seljord kommune kom i 1996, og har sidan blitt revidert fleire gonger.

Rådmannen i Seljord meiner den nye planen er eit godt verkty for det vidare arbeidet og ynskte å leggje han på høyring i tre nye veker, til slutten av november, slik at fleire kan få høve til å kome med innspel. Planframlegget er også sendt ut til skular, barnehagar og politiet for uttale, og vil gjelde for 2016 til 2019 når den blir endeleg vedteken av kommunestyret seinare i haust.