Ynskjer maktskifte
Kviteseid Arbeidarparti har alt valt sin ordførarkandidat til neste års kommuneval. Tarjei Gjelstad vil kjempe for å overta ordførarklubba.
Valet om å stille som ordførarkandidat for Kviteseid aArbeidarparti tok han alt på årsmøtet i partiet. Då sa han ja til å vera partileiar.
– Det låg i korta då eg sa ja til det vervet, seier Gjelstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
No er Arbeidarpartiet tidleg ute med nominasjonen av kandidaten for å ta opp kampen om ordførarstolen. Senterpartiet har hatt Torstein Tveito på ordførarkontoret i 12 år. No trengst det nye kostar, meiner Gjelstad.
– Dei har ikkje gjort ein dårleg jobb, men det hadde vore godt med eit skifte. Ein slik jobb bør få inn nye krefter, seier han.
Utfordringar framover
Om eitt år er det kommuneval, og valkampen startar alt no. Men valflesket er førebels magert. Den økonomiske situasjonen i Kviteseid er den største utfordringa framover, seier han.
– Eg er redd for å love for mykje. Det må vera på eit nivå ein kan fylgje opp. Eg er ein realistisk, praktisk, optimistisk mann. Det kan vera vanskeleg i ein valkamp, smiler Gjelstad.
Men sjølv om partiprogrammet fyrst blir spikra 1. desember, er nokre kampsaker klare. Mellom anna å sikre nok barnehageplassar i kommunen. Men bygging av ein ny barnehage tør han ikkje love.
– Ny barnehage hadde vore bra, men det er høge kostnadar ved bygging. Det kan eg ikkje svare på før eg har tala. Men me ynskjer mellom anna meir fleksible opningstider i barnehagane, til dømes i sommarferien når barnehagane har sommarstengt. Det er viktig for å få folk til å bu i kommunen, seier Gjelstad.
Vil samarbeide om helse
Artikkelen held fram under annonsen.
I opposisjon har Arbeidarpartiet fleire gonger stått imot posisjonen i budsjettsaker. Særleg har legekontoret i Kviteseid vore kjernen for mang ein debatt på kommunestyremøta. Arbeidarpartiet har vore klare på at dei ynskjer å sjå nærare på eit samarbeid med andre kommunar innanfor helse. Det ligg fast framover.
– Det at ein tredjedel av innbyggjarane vel å ha fastlegen si ein anna stad er ei utfordring. Me ligg veldig høgt på kostnadsnivået innanfor helse, seier Gjelstad.
Kommunestruktur
Ein anna sak som kjem til å prege både politikken og valkampen framover er kommunestrukturen. Der har han gjort seg nokre tankar.
– Om 4–5 år trur eg ikkje at me har seks kommunar i Vest-Telemark, men eg er usikker på om det bare er éin. Økonomien og arealet er ei utfordring, men eg håpar at verktøyet me får i september frå departementet kan gje ein del svar, seier han.
Og kva trur han at Arbeidarpartiet kan gjera betre om dei tek over ordførarstolen neste år?
– Eg trur me kan vera meir opne for samarbeid, at me kan utvikle helsetenestene, ha større gjennomføringsevne av vedtak og effektivisere planarbeidet. Samtidig ynskjer me å vitalisere politiske utval ved å gje det gode politiske saker å arbeide med, seier ordførarkandidaten.