Ynskjer nyskaping med tre
Innovasjon Noreg har fått i oppdrag av regjeringa å satse på tre. Det vil seie at heile næringsrekka skal stimulerast, frå sagbruk til arkitekt og bygningar. Pengane i treprogrammet er ikkje delt opp fylkesvis, men samla i ein felles pott. Difor gjeld det å koma fyrst til mølla.
Innovasjon Noregs trebaserte innovasjonsprogram har som hovudmål å få auka bruk av tre og auka lønsemd i heile verdikjeda. Dette målet er formulera av Landbruks- og matdepartementet i handlingsplanane for næringsutvikling. Satsinga skal støtte opp under skog- og trenæringas ambisjonar om at forbruket av tre skal aukast frå 0,55 kubikkmeter i 2002 til 0,74 kubikkmeter per innbyggar i 2010. Treprogrammet er i stor grad retta mot marknadsdriven innovasjon i bedrifter, og har fokus på samarbeid mellom aktørane i verdikjeda.
Mål
Visjonane for treprogrammet er at Noreg skal vera eit førebilete i verdiskapande foredling og ny bruk av trevirke. Trebasert innovasjonsprogram var tidlegare reservert for små og mellomstore bedrifter, men i dag er det ope for Forsking og utdanningsstøtte til alle slag bedrifter. Treprogrammet fekk auka økonomiske rammer i tiltakspakka frå regjeringa, fordi utviklingsarbeidet innanfor trearbeidande bedrifter er ekstra utsett som fylje av den sterkt reduserte etterspurnaden. Ramma for trebasert innovasjonsprogram er i dag på omtrent 55 millionar kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
Leiaren for treprogrammet har sidan 2004 vore Andreas Sundby.
Landbruksdepartementet har gjeve oss i oppdrag å satse på tre. Målet er å stimulere heile næringa slik at ein får auka avverking av skog. Me set fokus på til dømes nyvinningar innanfor husbygging, med lågenergihus, bruk av massivtre i konstruksjonar og utvikling av glas til hus som sparar energi. Sjølve bygginga er ikkje sponsa, men utvikling av teknikkar og innovasjon innanfor byggfaget er prioritert. Det er dei gode ideane me vil hjelpe fram. Me støttar frå gründer og opp til vidareutvikling av bedrifter. Me har fått auka løyvingar i krisepakka frå regjeringa. Potten som er sett av til treprosjektet er ikkje delt opp fylkesvis, men er nasjonal. Det vil seie at det er fyrste mann til mølla. Me ynskjer nå å få inn gode prosjekt frå heile landet, så om ein har ein god idé, må ein ta kontakt med fylkeskontoret til Innovasjon Norge, seier Andreas Sundby.
Satsinga i år fokuserer på tri konkrete tiltaksområde: Industrielt byggeri, treprodukt/ tradisjonstre, og innovasjonssystem. Målgruppa for programmet er bedrifter som driv med produksjon eller utvikling av treprodukt aleine eller saman med andre material, ansvarlege for utbyggingsprosjekt, støttefunksjonar for bedrifter som driv skog og trebasert verksemd og Forskings- og utdannings-miljø.
Eit av områda ein kan auka bruk av tre er til dømes som material i større bygningar som hallar, undervisningsbygg, forsamlingslokale og liknande.
Miljøprofil
Auka bruk av tre blir sett på som eit godt miljøtiltak. Tre som material reknar ein i dag som CO2-nøytralt, i tilegg til at det er ein fornybar ressurs. Landbruks- og matdepartementet ser på auka bruk av tre som ein veg mot dei overordna målsetjingane om berekraftig produksjon og forbruk. Foredling av tre krev lite energi, men frakt av tømmerstokkar og material gjev utslepp av klimagassar. Dersom ein klarar å auke bruken av tre, vil likevel det gje ein miljøgevinst.
Auka bruk av varige treprodukt som byggemateriale hjelper til å forlenge karbonbindinga i skogen. I tillegg erstattar dei andre material som fører til større utslepp av klimagassar i produksjon og bruk, påpeikar landbruks- og matminister Lars Peder Brekk i ei pressemelding frå departementet 26 januar.
Fekk støtte til ny design
Ei av bedriftene i Vest-Telemark som har vore med i det trebaserte innovasjonsprogrammet er Haukeli Hytter og Hus. I 2006 fekk dei støtte til å utvikle ny design.
Haukeli Hytter og Hus er ei lokal verksemd i Edland som blei starta opp på 1960-talet av Alfred Einar Apeland. I 2001-02 overtok andregenerasjon, Knut Tore Apeland, verksemda som leverar hand- og maskinlafta tømmerbygg. Med seg fekk han sin «betre halvdel» Elin Vassbotten, og saman med eit godt team med flinke arbeidskarar har dei bygd vidare på verksemda. I 2006 blei Haukeli hus og hytter med på det trebaserte innovasjonsprogrammet frå Innovasjon Noreg, og prosessen vara fram til 2008.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nyskapande design
Me blei inviterte til å bli med på treprogrammet. Me var ei lita lokal verksemd, og måtte tenke langsiktig. Det førde til at me måtte finne fram til skreddarsydde løysingar for kundemarknaden. Det kunne me få til ved å koma fram til ny design på nokre av bygningstypane våre, seier dagleg leiar og tømrar Knut Tore Apeland.
Verksemda fekk støtte til å drive med utvikling av design av trebygningar. Nye teikningar av hus og hytter med detaljar som kan sporast over heile huset blei teikna i samarbeid med Arnt Darrud. Designen tek utgangspunkt i tradisjonell byggeteknikk og estetikk, men med bruk av steinmurar og nye former på glasruter, fekk bygningane eit eigenarta uttrykk. Som ei heil pakke har òg Haukeli hus og hytter teke med interiørarkitekt i prosjektet, slik at kunden kan få eit heilskapleg produkt.
Me ville sette ein signatur på bygningane våre slik at det vart ei klar merkevare. Me vil ha fornøgde kundar, og fylgjer difor kunden godt opp, seier marknads- og økonomiansvarleg Elin Vassbotten.
Lærerik prosess
Både Knut Tore Apeland og Elin Vassbotten er godt nøgde med samarbeidet og støtta dei har fått frå Innovasjon Noreg. Med seg i prosessen hadde dei Hallvard Christenson som styreleiar i Haukeli hus og hytter, som har leiarerfaring frå Innovasjon Noreg frå mellom anna Fram-prosjektet, eit prosjekt som tek sikte på å utvikle leiarar, som verksemda òg har vore med på.
Det har støtta oss enormt. Me har passa på når det har vore nye prosjekt i Innovasjon Noreg. Dei har vore opne for innspel frå oss, og me har fått hjelp om me når me har hatt behov for det, seier Knut Tore Apeland.
Å arbeide saman med Innovasjon Noreg tvingar ein til å tenkje over kvar ein skal, og ein får frist på å levere inn resultat. Ein får eit nettverk gjennom dei forskjellige programma som er gode å ha seinare. Det er veldig positivt, seier Elin Vassbotten.
Prosessen bedrifta var gjennom saman med Innovasjon Noreg førde òg til at ein endra på framtidsplanane undervegs.
Me hadde eigentleg tenkt på å vera ei lita lokal verksemd med to til tre arbeidsplassar. No har me ti arbeidsplassar i Haukeli hus og hytter, seier Knut Tore Apeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stadig i utvikling
Bedrifta driv stadig og fornyar seg. Nett no har dei investert i maskiner som skal gjera maskinlaftet endå betre med stødigare knutar som ser handlaga ut.
Me ville gjerne at maskinlaftet skulle sjå ut som handlaft, og det vil den nye maskina lage. Knuten er laga etter ein modell som tippoldefar min bruka på 1800-talet. Den har eit ekstra spor inne i knuten som styrkjer stabiliteten og gjer laftet tettare, forklarar Knut Tore Apeland.
Inga krise
Den nye designen på bygningstypane har slege godt an hos kundane. Firmaet har dei siste to åra dobla omsetninga, og har ikkje merka noko særskild til finanskrisa.
Det verksemda har merka er at kundane er meir bevisste på kva dei ynskjer og kva pengane går til, medan dei useriøse forsvinn, seier Elin Vassbotten.