For høgt: Styringa av Vinje kommune blir skadelidande som fylgje av det høge forfallet blant politikarane, meiner ordførar Jon Rikard Kleven. I snitt er 5 av 25 faste kommunestyrerepresentantar i Vinje fråverande ved kvart møte.
Ingrid Byggland
1 av 5 folkevalde i kommunen manglar i kvart møte. – Ikkje alle tek vervet sitt på stort nok alvor
VTB har sett nærare på oppmøtet i kommunestyret blant dei folkevalde i Vest-Telemark. I fire av seks kommunar har ein, eit drygt år etter valet, framleis ikkje hatt alle dei faste representantane samla i eitt og same kommunestyremøte.
Nissedal kjem best ut både når det kjem til å vera fulltalige og når det kjem til det totale fråværet. Tre gonger har kommunestyret gått føre seg utan at ein har måtte kalle inn vararepresentantar. I snitt er 10,9 prosent av dei faste representantane fråverande frå kvart kommunestyremøte.
Vinje er den andre kommunen som har hatt kommunestyremøte utelukkande beståande av faste innvalde representantar, det skjedde i det fyrste møtet etter valet i fjor haust. Sidan då har fråværet auka, og Vinje er kommunen med det høgaste fråværet i heile Vest-Telemark, med i snitt 5 av 25 representantar borte frå kvart møte.
I infografikken under kan du sjå nærare på fråværet blant dei folkevalde, bryte ned på kommunenivå og per parti.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP