Får støtte: Åmdals Verk daglegvare får støtte frå kommunen for å bli døgnopen.

100 000 til butikken på Åmdals Verk

Formannskapet i Tokke gjev eit tilskot til butikken på Åmdals Verk på 100 000 kroner. Nå skal butikken bli døgnopen.

Publisert Sist oppdatert

Butikken på Åmdals Verk har slite med underskot dei siste åra, og nå tek lokalbutikken nye grep for å klare seg. Dei vil nå bli døgnopen butikk, etter same modell som matbutikken på Hegna i Øvre Bø.

– Eg trur dette er einaste vegen å gå for å overleve for denne type butikk, sa ordførar Jarand Felland (Sp).

Åmdals Verk daglegvare har alt søkt om å få vere med i eit pilotprosjekt for døgnope butikkar. Programmet er godkjent av Norgesgruppen. Døgnopen butikk er open 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka, då kunden kjem inn i butikken med eige bankkort.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS