Nøgd: Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Telemark meiner E134 har kome godt ut av det i regjeringas framlegg til ny Nasjonal transportplan.
Geir Ufs
10,8 milliardar til fem prosjekt på E134
I revidert Nasjonal transportplan (NTP) føreslår mindretalsregjeringa dei fyrste seks åra frå 2022 å løyve milliardar til mellom anna tunell Røldal– Seljestad og ny veg på E134-strekning mellom Kongsberg og Notodden.
På ein pressekonferanse ved Elgsjø utanfor Notodden på E134 i går tysdag, kom representantar frå Høgre, Venstre og KrF med lekkasje om utbyggingsprosjekt mindretalsregjeringa ynskjer å gjennomføre i perioden 2022–2027 i ny NTP.
Blant prosjekta som ligg inne i NTP i den perioden og er fullfinansiert, er ny E134 mellom Elgsjø ikkje langt unna Notodden og Saggrenda utanfor Kongsberg. Kostnadsoverslaget for prosjektet er 2,3 milliardar kroner for å få ei langt betre vegløysing enn dagens med bratte stigningar, krappe kurver og manglande moglegheiter til forbikøyring.
Det nye vegprosjektet på E134 skal delvis bli bompengefinansiert.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP