Viserektor: Ingvild Marheim Larsen.

113 har fått tilbod om studieplass på Rauland

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) sende førre veke ut 52 tilbod om studieplassar ved campus Rauland. Dette er tilbod i det nasjonale samordna opptaket, som for det meste har opptak til bachelor- og årsstudium.

Publisert Sist oppdatert

Universitetet har tidlegare sendt ut 61 tilbod om studieplass i Rauland via lokalt opptak. Dei fleste av desse tilboda er til søkarar på masterstudiet i tradisjonskunst og til dei to deltidsstudia kreativ maskinstrikking og design samt redesign og saum av klede. Til det siste studiet vart det sendt ut 26 tilbod og ti står her på venteliste.

Til saman har 113 søkarar fått tilbod om plass ved campus Rauland i år. Ti står på venteliste.

Samla er det sendt ut 6905 tilbod om studieplass til alle campusar ved USN gjennom Samordna opptak og 4916 tilbod via lokalt opptak. Dette utgjer til saman 11 821 tilbod i dei to opptaka. Det er ein liten nedgang i frå tidligare år. Nedgangen er naturleg, sidan det nasjonalt var monaleg færre søkarar til høgare utdanning i år.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS