Jolegåver: Inger Espeland frå Seljord Røde Kors ved gåvene dei har pakka som ei lita ekstra-oppmuntring til familiane.

180 ynske frå barn blei hengt på treet. Nå er gåvene pakka og levert. – Når ein ser kor takksame og glade mottakarane blir, er det verkeleg verdt det

På tredje året organiserer Inger Espeland og Åse Venås i Seljord Røde Kors jolegåveaksjon for å hjelpe barn, unge og familiar med økonomiske utfordringar.

Rekker med gåveposar, nøyaktig sortert og registrert på kvart sitt nummer står på rad inne i lokala til Seljord Røde Kors. Kvart nummer skal denne onsdagen bli henta av, eller levert til ein bestemt familie eller heim som av ulike grunnar har økonomiske utfordringar og treng litt ekstra oppmuntring til jol.

Inger Espeland fortel at Røde Kors i Seljord i samarbeid med helsesjukepleiarar, Nav og flyktningtenesta i år fekk inn 180 ynske frå barn og unge, både frå Seljord og Kviteseid. Nokre ynskte seg klede, nokre lego, andre ei dukke, ei klokke eller vintersko.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Arbeidet starta i september, og det er tredje året me har gjennomført ynsketreet der me henger opp lappar med ynske knytt til gut eller jente og alder. Det fyrste året hadde me tre på Granvin kulturhus, i fjor og i år hadde me også eit ynsketre på Rokk kafé. Det er viktig at treet står der folk er, meiner Espeland.

Eg ynskjer meg ... : På ynsketreet blei det hengt opp 180 lappar som denne slik at folk som ynskte å bidra kunne handle ei ekstra gåve og dele ei glede med ein ukjent til jol.

– Fantastisk rause

Røde Kors fekk inn 180 gåveynske, som er om lag like mange ynske frå barn og unge som dei fekk inn i fjor. Det blei laga lister over ynska, laga laminerte anonyme lappar som folk kunne plukke med seg frå treet for å handle gåvene, og returnere til treet.

– 30. november var trea ferdig pynta, og 13. desember avslutta me innsamlinga. Folk har vore fantastisk rause, og forretningane har også bidrege med mykje. I tillegg til gåvene som har kome inn har me handla ein del gåver slik at alle barna får ei eller to-tre gåver, og familien ein pose med litt snop, eit gåvekort dei kan bruke til innkjøp av daglegvarer, toalettartiklar, kanskje litt bakst eller anna og i år donerte ein jeger elgkjøt som me kunne dele ut også, fortel Espeland takksam.

Ho innrømmer at det er slitsamt når organisering og gjennomføring står på. Sidan september har ho og Åse Venås, som er dei to frivillige i Røde Kors som held trådane i den hjartevarme jolegåveaksjonen i Seljord.

– Det er mykje arbeid, men når ein ser kor takksame og glade mottakarane blir, er det verkeleg verdt det. Ein blir kjent med så mange fine menneske. Og å yte og gje, utan å ta betalt for arbeidet er så viktig. Me vil veldig gjerne ha med fleire friviljuge i Røde Kors, seier Espeland.

Støttar jolegåveaksjonen: Styreleiar i Sparebankstiftinga og ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen (t.v.), Aud Lie Solheim og Inger Espeland frå Seljord Røde Kors og styremedlem i Sparebankstiftinga, Olav Moen, er alle glade for alle som bidreg til at barn og familiar får gåver og ei oppmuntring til jol.

Fleire ville bidra

Lokallaget til Røde Kors i Seljord har fått sentrale midlar til jolegåveaksjonen, og dei har også søkt og fått midlar frå Gjensidigestiftinga.

Men i år kom også ei lokal ekstragåve rett før jol frå Sparebankstiftinga Seljord som eig 38 prosent av Sparebanken Din og som kvart år deler ut midlar til allmennyttige føremål med lokal forankring.

– Når me oppdaga den fantastiske jobben Røde Kors gjer lokalt, ynskte me også vere med å støtte. Sjølv om dei to årvisse ordinære tildelingane til Sparebankstiftinga Seljord er gjennomført i år, fann me 15 000 kroner som me kunne gje, seier Olav Moen som er styremedlem i Sparebankstiftinga Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

Summen gjorde at jolegåveaksjonen til saman hadde 50 000 kroner dei kunne bruke til innkjøp i år.

– Og me har bruka alt saman, seier Espeland.

Styreleiar i Sparebankstiftinga og ordførar i Seljord, Solveig Sundbø Abrahamsen, set stor pris på det lokale engasjementet og rosar dugnadsinnsatsen til kvinnene bak jolegåveaksjonen.

– Eg er imponert over den viktige jobben de gjer, takka Abrahamsen.

– Neste år håpar eg det lokale næringslivet også kan bli kopla meir på tiltaket, seier Moen.

Ønsketreet: Seljord Røde Kors har for tredje gong halde «ønsketreet» der alle får høve til å kjøpe inn gåver til barn i familiar med vanskeleg økonomi. Her er alle dei 180 ynska frå barn og ungdom samla.