Jolegåver: Inger Espeland frå Seljord Røde Kors ved gåvene dei har pakka som ei lita ekstra-oppmuntring til familiane.

180 ynske frå barn blei hengt på treet. Nå er gåvene pakka og levert. – Når ein ser kor takksame og glade mottakarane blir, er det verkeleg verdt det

På tredje året organiserer Inger Espeland og Åse Venås i Seljord Røde Kors jolegåveaksjon for å hjelpe barn, unge og familiar med økonomiske utfordringar.

Publisert Sist oppdatert

Rekker med gåveposar, nøyaktig sortert og registrert på kvart sitt nummer står på rad inne i lokala til Seljord Røde Kors. Kvart nummer skal denne onsdagen bli henta av, eller levert til ein bestemt familie eller heim som av ulike grunnar har økonomiske utfordringar og treng litt ekstra oppmuntring til jol.

Inger Espeland fortel at Røde Kors i Seljord i samarbeid med helsesjukepleiarar, Nav og flyktningtenesta i år fekk inn 180 ynske frå barn og unge, både frå Seljord og Kviteseid. Nokre ynskte seg klede, nokre lego, andre ei dukke, ei klokke eller vintersko.

– Arbeidet starta i september, og det er tredje året me har gjennomført ynsketreet der me henger opp lappar med ynske knytt til gut eller jente og alder. Det fyrste året hadde me tre på Granvin kulturhus, i fjor og i år hadde me også eit ynsketre på Rokk kafé. Det er viktig at treet står der folk er, meiner Espeland.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS