23 skular får pengar til styrking av skulemiljøet – éin av dei er i Vest-Telemark
I år får 23 kommunar pengar til å styrkje skulemiljøarbeidet sitt.
Interessa for tilskotsordninga er stor, og det har komme inn 137 søknader om tilskot til skulemiljøteam. I år er det sett av 15 millionar kroner, men allereie neste år har regjeringa foreslått at ordninga skal styrkast til 45 millionar kroner.
– Mange skular har utfordringar som det er krevjande å handtere åleine. Ungane våre skal ha det bra på skulen, dårleg skulemiljø går utover både læring og trivsel. Teama skal ta tak i utfordringar i skulemiljøet, men også jobbe førebyggjande, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skulemiljøteama skal støtte dei kommunale skulane i arbeidet med å utvikle trygge og gode skulemiljø. Kommunar med skular som har særlege utfordringar i skulemiljøet, blir prioriterte i ordninga.
Tilskotet til skulemiljøteam blir utbetalt av Utdanningsdirektoratet 12. desember.
Desse får støtte:
*Engerdal
*Fyresdal
*Hjartdal
*Lavangen
*Lødingen
Artikkelen held fram under annonsen.
*Marker
*Meråker
*Nordkapp
*Nordreisa
*Salangen
*Steigen
*Tolga
*Gausdal
Artikkelen held fram under annonsen.
*Hareid
*Hole
*Malvik
*Orkland
*Søndre Land
*Vefsn
*Kristiansund
*Levanger
Artikkelen held fram under annonsen.
*Lørenskog
*Skien
(©NPK)