Samla underskrifter: Jan Helge Breidalen (t.v.) og Aslak A. Midtbøen ber kommunen ta opp saka om privatisering av vegar på nytt.

230 av innbyggjarane ber kommunen om å vurdere saka på nytt

Kommunestyret i Kviteseid har vedtatt å gjere 11,2 kilometer med kommunale vegar private. Det har fått mange til å reagere.

Publisert Sist oppdatert

Jan Helge Breidalen og Aslak A. Midtbøen er på veg til ordføraren. I to basarbøker har dei samla inn 230 underskrifter. Dei har vore i Tveitgrendi, Fjågesund, Ordal, Morgedal og på Møsasida. Og det har ikkje vore vanskeleg å få folk til å skrive under på kravet om å få kommunen til å ta opp saka om privatisering av vegar på nytt.

Inntrykket deira er at mange av dei som bur i utkantane, og nå må ta ansvar for brøyting og vegvedlikehald sjølve, er irriterte og opplever vedtaket som urettferdig.

Breidalen og Midtbøen skjønar at kommunen har økonomiske utfordringar, men stiller spørsmålsteikn ved reknestykket til kommunen, og trur ikkje privatisering av vegane vil gje så stor innsparing som det blir hevda.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS