2,5 millionar grasrotmidlar til lokale lag og foreiningar. – Veldig hyggeleg at folk gir grasrotdelen til løypelaget
Sidan 2009 har spelarar hos Norsk Tipping hatt moglegheit til å gje ein del av speleinnsatsen til eit lag eller ei foreining, gjennom den såkalla grasrotdelen.
I 2024 vart 858,5 millionar kroner fordelt til frivillige organisasjonar over heile landet. Det er ein auke på 64 millionar kroner frå året før, og er det høgaste nokosinne.
I Vest-Telemark bidrog til saman 4237 spelarar med litt over 2,5 millionar kroner i bidrag til 206 lag og organisasjonar i regionen. Av dei ti laga på topp, er åtte av dei idrettslag eller løypelag. Aller mest fekk Kyrkjebygdheia løypelag, som også har flest givarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Alfa og omega
229 givarar bidrog med til saman 114 435 kroner til løypelaget i Nissedal.
Leiar i løypelaget, Håvard Nilsen er svært takksam for bidraget, og synest det er gledeleg at så mange vel løypelaget som grasrotmottakar.
– Det er alfa og omega. Løypekøyring er ein stor kostnad, så me er veldig glade for dette, seier han.
Leiaren trur det hovudsakleg er hytteeigarar som har sett grasrotdelen til løypelaget, men seier det gagnar heile lokalsamfunnet.
– Det er mindre støtte til slike ting frå det offentlege, så det er veldig hyggeleg at folk gir grasrotdelen til løypelaget. Me er evig takksame, seier han.
Etter Kyrkjebygdheia løypelag fylgjer Vinje idrottslag med 94 521 kroner, og Birtedalen sti og løypelag med 87 129 kroner.
I tabellen under kan du søke på ditt lag i din kommune. Du kan også sortere på givarar og beløp.
Grasrotdelen
Grasrotdelen er ei ordning som gjer det mogleg for spelarar hos Norsk Tipping å gje 7 prosent av speleinnsatsen direkte til eit lag eller ei foreining som har registrert seg som grasrotmottakar i Frivilligregisteret i Brønnøysund.
Det er over 30 000 registrerte grasrotmottakarar.
Over 1,1 millionar nordmenn har valt seg ein grasrotmottakar.
Støtta som vart gitt gjennom Grasrotandelen i 2024 er den høgaste nokosinne. Utbetalingane vart på til saman 858 millionar kroner.
Kjelde: Norsk Tipping