Mange dårlege: Det er mange dårlege fylkesvegar i Noreg. Nå blir staten med på opprustinga, i fyrste omgang med ei løyving på 290 millionar kroner for 2022.

290 statlege millionar til fylkesvegane

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) meiner det er ei handsrekning til fylka når det nå kjem 290 statlege millionar til vedlikehald av fylkesvegane.

Publisert

– Nå fylgjer me opp Nasjonal transportplan, og fordeler dei fyrste 290 millionar kroner til nettopp dette formålet, uttaler Nygård til Veier24.

I Nasjonal transportplan 2022–2033 er det lagt opp til auka satsing på fylkesvegar. Eit av tiltaka er ei tilskotsordning til vedlikehald, fornying og utbetring av fylkesvegar. Den er nå oppretta, og i 2022 skal om lag 290 millionar kroner bli fordelt mellom fylka.

– Nå startar me opprustinga av fylkesvegane. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegane, og må betale for utbygging og vedlikehald. Det skal dei også gjere i framtida, men dette er ei hjelpande hand, seier samferdselsministeren.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS