75 000 kroner til Wassanas

Seljord kommune løyver Wassanas thaimat AS 75 000 kroner i kompensasjon for stort tap av omsetnad på grunn av covid-19-pandemien.

Kultur- og næringssjef Asbjørn Storrusten skriv i det delegerte vedtaket at støtta reknast som bagatellmessig, og blir trekt av kommunalt næringsfond/regionale midlar - servering.

Wassanas thaimat AS driv ein serveringsstad midt i Seljord sentrum, og dei har hatt betydeleg tap av inntekter/omsetnad sidan mars 2020 på grunn av pandemien. Det var spesielt viktig å støtte denne verksemda, som fekk nye drivarar i februar 2020, slik at dei kunne halde ope i sommar, bygge nytt varelager og stabilisere drift og arbeidsplassar, skriv næringssjefen i vedtaket.

Artikkelen held fram under annonsen.