Stuvetrå: Det går mot varig omregulering av dette området, frå dyrka mark til tømmerlager.
Åshild Emma Solbjør
Alle støtta planen om å gjera jordet til tømmerlager. – Nå er det ein plan for matjorda
Førre onsdag var planen for varig tømmerlager på Stuvetrå i Øyfjell nok ein gong på bordet til plan- og miljøutvalet i Vinje. Den fekk tommel opp.
Øyfjell sag og høvleri har hatt mellombels tømmerlager på Stuvetrå i meir enn to år, men treng å få ei varig løysing på plass. Men det aktuelle området er dyrka mark, og omsynet til jordvernet gjorde at tømmerlageret fekk nei i planutvalet i februar. I mars snudde utvalet og sa ja, og etter det har planen vore på høyring. Ein av tinga som har kome på plass etter høyringa er ein plan for matjorda.
– Det er uheldig at ein må bruke eit jorde, men nå er det jo ein plan for matjorda. Og det er ikkje noko alternativ i området, så ein blir jo litt fanga i det, sa Ane Killingtveit (Sp).
Naboar har også vore bekymra for både støy, brannfare og avrenning. Etter høyringa har det blitt laga ein støyrapport, og tiltak for både støyskjerming, brannvern og avrenning er nå lagt inn i føresegnene til reguleringsplanen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP