Takkar av: Gunnar Ruud overlet stafettpinnen til den nye styreleiaren Ole Andreas Schärer og ønsker Telemark næringshage lykke til vidare.

Alt i 2006 starta Gunnar arbeidet med å få til ei næringsklynge i Kviteseid. 14 år seinare – og etter ei enorm utvikling – gjev han seg som styreleiar i næringshagen.

Gunnar Ruud blei takka av som styreleiar for Telemark næringshage siste veka i august. Med langsiktig strategi og eit hjarte for næringslivet har han fått Telemark næringshage dit selskapet er i dag.

Alt i 2006 byrja Gunnar Ruud arbeidet med næringsklynge. Då gjennom Findalen IKT. Etter år med med dugnad blei Kviteseid næringshage etablert i januar 2012. Innan året var omme hadde namnet endra seg til Vest-Telemark næringshage. I 2016 var Telemark næringshage eit faktum.

– Det har vore heilt fantastisk. Me såg ikkje for oss denne utviklinga då me starta opp i 2012, seier Ruud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stadig større oppdrag

SIVA gav næringshagen stadig større oppdrag. Næringshagen var fyrst for Kviteseid, så ville SIVA at den skulle dekke heile Vest-Telemark og etter kvart heile fylket.

– I 2012 var utgangspunktet å bidra til å skape arbeidsplassar lokalt ved å samle bedrifter i eit miljø der dei kunne vekse. Eg føler me har fått til dette gjennom det fysiske lokalet i Kviteseid sentrum. Det er fullt i dag og skal nå bli utvida. Eg trur ikkje det tek lange tida før det nye som blir bygd på er fylt opp, seier Ruud.

Det er etablert miljø i Fyresdal, Nome, Notodden og Bø opp mot Telemark næringshage. I tillegg får bedrifter hjelp og støtte der dei driv.

– Det nærma seg 50 bedrifter i byrjinga av 2020. I løpet av pandemien er det ytterlegare bedrifter som har fått støtte av Telemark næringshage, seier Ruud.

Han fortel at fylkeskommunen har vore ein pådrivar og støttespelar som har tilført nye oppdrag. Då pandemien var eit faktum fekk Telemark næringshage i oppdrag å kartlegge kva koronaen gjorde med næringa i fylket.

Les også
4 av 10 bedrifter fryktar å gå konkurs i 2020

Etterlyser fleire bustadar

– For meg har veksten til næringshagen vore artig og bra. For Kviteseid sin del kan det ha vore snakk om rundt 25–30 arbeidsplassar. Tre til fire år framover i tid kan det vera snakk om nye 25–30 nye arbeidsplassar. Det har vore enormt mykje arbeid, men det går an å få det til. Det ser eg når det er så mange velutdanna og flinke unge menneske som jobbar i næringshagen nå, seier Ruud.

Han meiner politikarane i Kviteseid har eit viktig arbeid framom seg når det kjem til bustadpolitikk.

– Viss me skal halde fram veksten i Kviteseid må det vera bustadar nok til nye innbyggarar, seier Ruud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han synest ikkje det har vore store utfordringar i selskapet. Den økonomiske kontrollen har vore god heile tida.

– Me har lykkast bra med leiarane våre. Han som er der nå og dei to føregåande, seier Ruud.

Han har bruka mykje tid og krefter på næringshagen. Nå synest han det er tilfredsstillande å sjå resultatet. Han har trua på det som skjer framover og at det er rett å få inn nye krefter i ein ny styreleiar. Ny styreleiar i Telemark næringshage er Ole Andreas Schärer.

– Eg kan ikkje sitje som styreleiar evig veit du. Dessutan er rekneskapsbransjen travel, spesielt under koronapandemien. Det er nok å henge fingrane i, seier Ruud, som er dagleg leiar i Vest-Telemark økonomi og rekneskap.