Russ20: Russefeiringa har blitt annleis for dei fleste avgangselevane i år, men russen ved Kvitsund har gjort det beste ut av det. Guro Tangerud Jønholt (t.v.), Marlene Bakken Braun og Ida Marie Myklebust.

Annleis russefeiring med godt humør

– Det er mange som synest synd på 01-årgangen som er russ i år, men må berre gjere det beste ut av det, seier Guro Jønholt og klasseveninnene.

Det er mai og vanlegvis russen sin månad for å feire 13 års skulegang til både glede og irritasjon for folk i heile landet. Men på grunn av koronapandemien har både eksamen og feiringa blitt ganske så annleis enn tidlegare år.

I Kviteseid har Guro Tangerud Jønholt, Marlene Bakken Braun og Ida Marie Myklebust russedressen full av russekort som dei jobbar med å få delt ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jønholt fortel at ho var ute i siste liten med å tinge russedress og russekort.

– Eg tinga det rett før samfunnet stengde. Men me har planlagt russetida sidan i fjor og eg har alltid sett for meg at eg skulle vere russ, seier ho.

Braun hadde ein anna leverandør av russeutstyr og har mange russekort til overs.

– Eg sit med om lag 900 russekort som eg skal få delt ut, seier ho.

– Men me går rundt i nabolaget og gjev dei til borna som spring mot oss på leikeplassane. Me har også lagt dei under vindaugsviskarar på bilar me har gått forbi, seier Jønholt.

Myklebust seier dei alltid har sett fram til å bli russ.

– Det er kjipt å gå glipp av 17. mai. Men eg skal gå med russelua når eg spelar med korpset, seier ho

Jønholt hugsar attende til når ho sjølv var barn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Russen skapar mykje glede for borna på den dagen, og eg hugsar det var moro sjølv å ha vasskrig med russen, seier ho.

Avstand: Dei er nøye med å ikkje møtast meier enn fem personar om gongen og har god avstand til kvarandre når dei er rundt å deler ut russekort. Marlene Bakken Braun (t.v.), Ida Marie Myklebust og Guro Tangerud Jønholt.

La ned blomar

Russetida har ikkje blitt heilt som planlagd men dei freistar å gjere det beste ut av det.

– Me som bur her møtest i små grupper og er i lag og går rundt å deler ut russekort. Me la også ned blomar på minnesmerket i sentrum og song «mellom bakkar og berg», som ein plar gjere på 17. mai. Då fekk eg endeleg gjere det som eg hadde lyst til i fjerdeklasse, seier Jønholt og ler.

– Me er heldige me som bur her, og me facetimar ein del med andre i klassen som bur andre stader, seier Myklebust.

Russen er ofte eit omtalt vårteikn, også i år.

– Me har høyrt om mange som synest synd på oss, fordi me ikkje får ei normal feiring, seier Jønholt.

– Men somme stader har eg høyrt at nokon også vert sure på russ i russedress. Mellom anna i Oslo får russen høyre at dei må vente med feiringa, seier Myklebust.

Russen i Oslo og Viken har bestemt å utsetje feiringa til 15. juni. Noko russen i Kviteseid ikkje kunne gjere.

Artikkelen held fram under annonsen.

Internatet stenger 18. juni, så det hadde ikkje fungert for elevane som ikkje er frå Kviteseid. 22. mai får me vite om skulen startar opp att før sommaren. Gjer den det, vil nok russefeiringa halde fram til skuleslutt. Men om ikkje er me nok ferdige til 17. mai som vanleg, seier Myklebust.

Russefeiring: Dei hadde sett fram til å vere med i 17.maitoget som russ, men i år vert det meste annleis. Frå venstre: Marlene Bakken Braun, Ida Marie Myklebust og Guro Tangerud Jønholt.

Vanlegvis er det mange store russetreff rundt om i landet på denne tida, men no går nokre av dei på nett.

– Eg hadde i utgangspunktet tenkt meg på eit russetreff, men er glad for at eg ikkje kjøpte billett, seier Braun.

Russeknutar

Dei er samde om at det ikkje er heilt det same når det går over nett.

– Det er noko av det stusslegaste eg har sett då eg logga inn for å sjå konserten på Landstreffet. Nei, det fungerer å snakke med vener og vere sosial, men landstreffet var ikkje det same, kommenterer Myklebust.

Russeknutar er også ein fast del av tradisjonen, nokon går ut medan andre kjem til.

– To av oss har bada før 1. mai, og eg har farga håret. I tillegg har me gått med bøsse til inntekt for krafttak mot kreft. Så nokre russeknutar blir det, seier Jønholt.

– Me har også vaksinert oss mot hjernehinnebetennelse. Det var med tanke på russetreffa som no ikkje vart noko av, men det kan no vere greitt å vere vaksinert likevel, seier Braun.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Russen sentralt laga også nokre nye koronafrie knutar som skulle vere innanfor smittevernreglane, seier Myklebust.

Trass i at dei ikkje får med seg den faste russedåpen og terrornatta på Kvitsund der russen vekker fyrsteårelevane på internatet og elles ikkje får vere russ på skuleområdet ser dei også med bekymring på vidare skulegang til hausten.

Jønholt og Braun har søkt seg inn på folkehøgskule og Myklebust på Bibelskule. Det er utdanningar som tradisjonelt inneber mykje reising til utlandet.

– Me har alle fått beskjed om å søkje på nettutdanningar i tillegg, og det er som me alt anna for tida. Me veit ikkje heilt kva som skjer, seier Jønholt.

Russen er uansett klar på at dei må gjere det beste ut av situasjonen og ser fram til å setje ein raud farge på lokalsamfunnet i resten av mai.