Ute av kommunestyret: Tysdag vart det klart at John Kleiv (Ap) får fritak frå sine politiske verv.
Kari Smeland
Ap-toppen får fritak
Eit samrøystes kommunestyre i Vinje gjev John Kleiv (Ap) fritak frå dei politiske verva han har.
Kleiv har vore Ap sin fyrsterepresentant i kommunestyret, og har også hatt leiarrolla i plan- og miljøutvalet. Han søkjer om fritak av helsemessige årsaker.
Fritaket fører til at Kjellfrid Neset kjem inn som fast medlem av kommunestyret, og Tor Åge Dale kjem inn som partiets siste varamedlem.
Nytt medlem til plan- og miljøutvalet blir Svein Versto. Han vert og ny nestleiar i utvalet, ifølgje kommunestyrevedtaket. Dermed ser det ut til at Sp overtek leiarrolla i PMU.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP