Arbeid: Ved Bjåland-gardane blir fylkesvegen nå utbetra. Til saman er 9,4 fylkeskommunale millionar løyvd til arbeid på vegen.

Arbeid på fylkesvegen. – Me må få mest mogleg ut av kronene

I fjor vart det kjent at fylkeskommunen løyver 9,4 millionar til utbetring av fylkesveg 3402, vegen ned til Lårdal.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag vitja leiar i hovudutvalet for samferdsel i fylket, Arve Høiberg (Ap), Vest-Telemarkrådet i Lårdal, og såg då også nærare på kva løyvinga han har vore med på blir brukt til.

Han meiner etterslepet på fylkesvegane er stort, og at det derfor er viktig å vere effektive, og få mest mogleg ut av pengane, og fortel korleis dette blir gjort i Lårdal.

– Me har sprengt bort masse i ein sving i Øvre Lårdal, så tek me denne massen og flyttar den lenger ned der me reparerer vegen. Dette er for å få mest mogleg ut av kronene, seier Høiberg.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS