Arbeidet i Eidsborgberget er i gang att – stenger vegen delvis

Må sikrast: Muren i Villasvingen er den største og berekna til 600 kvadratmeter.

Etter å ha vore open i fire veker i sommar er nå Eidsborgberget nå igjen delvis stengt.

Fylgjande opningstider gjeld for arbeidet:

Vegen vil ha redusert passering forbi arbeidsområdet

Måndag, tysdag og onsdag er vegen open frå kl. 19.00 til kl. 08.30 om morgonen, og frå kl. 14.30 til kl. 16.00 på ettermiddagen.

I helgene vil vegen vera open frå torsdag kl. 14.30 til måndag kl. 08.30.

Vegen vil bli regulert ved hjelp av ljossignal eller dirigering i den tida den er open.

Køyretøy med lengde over 13,5 meter kan ikkje passere når det er arbeid langs vegen.

Kjelde: Tokke kommune

Det melder Tokke kommune på heimesida si. Bakgrunnen for stenginga er arbeid med rassikring og rehabilitering av murar fleire stader langs vegen. Arbeidet skal etter planen vera ferdig 1. november.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Nordisk fjellsikring som utfører arbeidet på fylkesveg 450.

Les også
Skilt til forvirring. – Det er bestilt nye skilt