Arbeidsløysa aukar i alle seks kommunane

Fem av seks kommunar i Vest-Telemark har over 40 prosent fleire arbeidsledige no enn i juni 2023. Unntaket er Kviteseid, som har lågast arbeidsløyse i fylket.

Publisert

Til saman har 124 vesttelar registrert som heilt ledige eller arbeidssøkjande på tiltak. Dette er 50 fleire enn i juni i fjor – ei auke på 68 prosent. Kvar einaste kommune i fylket hadde eit høgare tal ledige i år enn i fjor, til saman er det 341 fleire. Totalt var 2 464 arbeidsføre telemarkingar utan arbeid førre månad viser ferske tal frå NAV.

I Kviteseid var det i juni 16 heilt ledige og arbeidssøkjande på tiltak, éin meir enn på same tid i 2023, noko som er den lågaste auken i heile fylket. Det gjev ei arbeidsløyse på 1,3 prosent av arbeidsstyrken, også det lågast i Telemark. Tre av dei andre kommunane i regionen har også under 2 prosent, Vinje har 31 ledige, tilsvarande 1,5 prosent, og Seljord og Tokke har 1,8 prosent ledige kvar, høvesvis 26 og 20 personar.

Fyresdal og Nissedal har både den høgaste arbeidsløysa i regionen og den største auka frå i fjor til i år. I Fyresdal var det i juni meir enn tre gonger så mange ledige i år som i fjor, opp frå 4 til 13. I Nissedal meir enn firedobla talet seg, frå 4 til 18. Dei to kommunane har med det den største auka i fylket, sett opp mot talet på arbeidsføre.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS