Britiske soldatar marsjerer ned Karl Johans gate i Oslo under fredsdagane i mai 1945. Foto: Håland / NTB / scanpix/ NPK

Arkivverket avslører britisk invasjonsplan frå 1940

Stormaktsspelet om Noreg i 1940 var meir omfattande enn tidlegare trudd, avslører Arkivverket på 80-årsdagen for den tyske invasjonen.

Publisert

Då den tyske marinen segla inn i norske fjordar 9. april, var eitt av dei viktigaste måla å erobre Narvik, som var hamna der jernmalmen frå Kiruna i Sverige vart lasta over i skip som skulle til Tyskland. Denne jernmalmen var svært viktig for tysk krigsindustri.

Dette visste òg Storbritannia. Og dei var nærare å gjennomføre eigen plan for å erobre Narvik enn dei aller fleste er klar over. 9. april 1940 var Noreg berre timar unna at britiske soldatar vart landsette i Narvik, Trondheim, Bergen og Stavanger.

Det avslører planen «R. 4» og dokument om invasjonen som Arkivverket slepp på skjærtorsdag.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS