Spent: Initiativtakaren til Kviteseid Bygdepride Arvid Tommy Juvskås har pynta seg for den store dagen. — Bunaden har eg lånt av mamma, og paraplyen har eg fått av mormor, fortel han.

Arvid Tommy feirar Pride i bunad: – Eg vil vise at bygda er for alle

Arvid Tommy Juvskås vil gjere det meir attraktivt å bu på bygda, og då meiner han det er viktig at alle skal kjenne seg velkomne og trygge.

– Det har vore litt slik at om du er homo, så flyttar du til Oslo. Du treng ikkje det, seier Arvid Tommy Juvskås.

Han er klar for Bygdepride i Kviteseid. Målet er å vise at bygda er for alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Uansett kven du er så skal du føle deg velkomen og trygg, seier han.

Viktig å kjenne seg akseptert

Arvid Tommy er glad i bygdelivet, og meiner sjølv at han bur på verdas beste plass, Flatdal. Der kjenner han seg trygg og akseptert.

– Eg er den eg er, med høge hælar og kjole på. Det er ingen i Flatdal som rynker på nasen av det, seier han.

Kanskje er det tidlegare erfaringar som har ført til at Arvid Tommy er oppteken av dette, at aksepten på bygdene må bli større. Han fortel at det ikkje var like enkelt å vere den einaste opne homofile på ungdomsskulen.

– Eg følte meg så aleine dei åra, seier han.

Seinare har han forstått at det var fleire homofile på skulen.

– Men dei torde ikkje stå fram, seier Juvskås.

Love is love: – Eg møter mange skeive som er skjult, fortel Arvid Tommy Juvskås. Han trur at eit større mangfald er bra for bygdene i Vest-Telemark.

Når han nå arrangerer Bygdepride er det for å vise at det går heilt fint å bu på bygda og vere homofil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje seksualiteten din som skal definere deg som person, seier han.

Markeringa har ført til debatt

Det var Arvid Tommy som kom med forslag om å arrangere Bygdepride i Kviteseid. I starten var planen at det var kommunen som skulle vere arrangør. Dette har ført til debatt både blant politikarane og andre innbyggjarar i Kviteseid.

– Folk har hengt seg opp i organisasjonen FRI, men Kviteseid Bygdepride har ikkje noko med den å gjere, seier Arvid Tommy.

Han har også vore med på arrangere Pride i heimkommunen Seljord, og undrar seg over skilnaden på dei to kommunane.

– Det er 17 kilometer frå Seljord til Kviteseid. I Seljord har det ikkje vore eit einaste lesarinnlegg i avisa, seier han.

Kviteseid Bygdepride: Bryggeparken i Kviteseid er pynta med regnbogeflagg, og nokon har kome langvegsfrå for å vere med på markeringa.