Åtte kommunestyremedlem ber om lovlegkontroll av vedtaket som forlenga avtala med Ishavskraft
Dei åtte politikarane meiner saksutgreiinga er mangelfull og at vedtaket som vart fatta 9. februar gjeld ei anna sak enn den som vart greia ut. Derfor ber dei Statsforvaltaren om å gjennomføre ein lovlegkontroll.
Saka det gjeld var til handsaming 9. februar og hadde overskrifta «Kraftforvalting og val av modell».
Bakgrunnen for denne saka var ei bestilling frå kommunestyret i desember 2022.
– Lovlegkontrollen er eit tverrpolitisk initiativ frå fire noverande parti i kommunestyret, i tillegg til at også Vinje INP har bidratt og vore behjelpelege, seier Bjørnar Kalbach Christensen (KrF).
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP