Auka formuen med 1,7 millionar kroner i snitt
Dei 30 nissedølane med størst formue hadde ei samla auke på 53 millionar kroner i 2022 kontra året før.
Som også var tilfelle i 2021, er det Halvor Brekke (82) som har den største likningsformua i Nissedal, med dryge 22 millionar kroner i 2022. Det er ein oppgang på kring tre millionar kroner frå fjoråret. Og som i 2021 er det Halvor Grimsvedt (59) og Svein Gunstein Dahl (75) som ligg på rangeringane under, men desse har bytta plass på 2022-listene. Grimstvedt har nest størst formue i kommunen, med 21,8 millionar kroner, medan Dahl er bokført med 20,6 millionar. Samla sett har dei tretti nissedølane på formuetoppen auka formuane sine med 53 millionar kroner frå 2021, som vil seie eit snitt på 1,7 millionar kroner.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP