Fristadsenteret: Fristadsenteret har hatt ei omsetjingsauke på 9 millionar i løpet av pandemiåret. Bak frå venstre: Gry Jeanette Hustveit, Vegar Vollan Melfald, Alex Patino Johansen, Christian Eriksen, Asle Fjellestad, Torill Helen Svalastoga og Astrid Austjore. Framme frå venstre: Malin Johansson, Asle Lofthus, Fredrik Damberg og Lasse Lofthus Lundeberg. Ikkje tilstades: Hege Jeanette Høgset, Tommy Bjåen og Marianne Tveito Damberg.
Marianne Tveito Damberg
Auka omsetjinga med 18 prosent under pandemien: – Surrealistisk
Sport1, Jernia og Elkjøp på Fristadsenteret auka den samla omsetjinga i koronaåret til 60 millionar kroner, opp 9 millionar frå året før.
– Det er surrealistisk og sjølvsagt veldig positivt. Dette hadde me ikkje trudd i mars, då det var krisestemning og me måtte permittere folk for fyrste gong, seier dagleg leiar Fredrik Damberg.
Han fortel at dei fyrst starta å merke oppgangen på vårparten i fjor, då landet opna så smått at etter påske. Då var også oppussinga av Jernia-delen av lokalet ferdig.
– Sidan den gong har det jamt mykje folk, fleire enn vanleg gjennom heile året. Både i butikken og ved heimeleveringar merkar me det er mange folk som har vore på hyttene sine over lengre tid, seier Damberg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP