Raudbygget: Tokke-politikarane vedtok tysdag 150 000 kroner i stønad til prosjektet for å etablere sommarkafé i «Raudbygget» ved Lårdal bryggje. Arkivfoto.
Sverre Bakke
Auka sommarkafé-støtta betrakteleg
Rådmannen tilrådde at Tokke kommune løyvde 21 000 kroner til etablering av sommarkafé på bryggja i Lårdal, gåvmilde politikarar vedtok å støtte prosjektet med 150 000 kroner.
– I fjor sommar var det storinnrykk av turistar til Lårdal, og me såg tydeleg at det var noko som mangla – dei hadde ingen stad å setje seg ned og få noko å eta eller drikke. Lårdal er innfartsporten for dei fleste turistane som kjem til kommunen, og det ville vore veldig bra å få på plass eit serveringstilbod til dei når dei kjem, sa Thor Arne Heggtveit (Sp) då kommunestyret handsama søknaden tysdag.
Han kom med forslaget om å auke støtta til i søknaden frå Lårdal Vel, frå 21 000 kroner til 150 000 kroner, på vegne av Sp, MDG og KrF.
– Me veit at Raudbygget treng ein del arbeid for å setjast i stand til kafédrift, kostnadane er rekna til 262 000 kroner. Me er klar over at det er snakk om ein betydeleg sum, men me meiner det er i kommunen si interesse å få fortgang i dette, så det er verdt å ta sjansen, sa Heggtveit.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP