Vetle Smalås Bergheim var best i si klasse både laurdag og sundag.
Privat
Avslutta sesongen på Liatoppen. Vetle (12) gjekk til topps båe dagane
Dei tre skiskyttarklubbane i Vest-Telemark var godt representert då årets skiskyttarsesong vart avslutta i Hallingdal.
Heile 1156 deltakarar frå 11 ulike nasjonar deltok på Liatoppen Skiskytterfestival i Ål i helga. Frå Vest-Telemark var idrettslaga Seljord, Dyre Vaa og Fyresdal godt representerte. 31 utøvarar frå dei tre klubbane deltok på skiskyttarfestivalen, som er verdas største skiskyttarrenn for rekruttar.
Vetle Smalås Bergheim frå Fyresdal Skiskyttarlag vann både laurdagens sprint og sundagens normaldistanse for G12. Han skaut fulle hus begge dagane.
Søstera Tuva Smalås Bergheim viste også god form og fekk ein 3. plass på fellesstart og ein 4. plass på sprinten.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP