Rådmann i Seljord: Rikke Raknes.

Avviser at det ligg økonomiske årsaker bak tilsetjinga av ny biblioteksjef

Seljord kommune trekte i oktober i fjor utlysinga av stillinga som biblioteksjef og ville tilsette organisasjon- og personalsjefen som ny biblioteksjef. Grunngjevinga var «omsyn til den økonomiske og budsjettmessige situasjonen». No er same person tilsett på nytt. – Det er ikkje økonomiske årsaker bak tilsetjinga, seier rådmannen no.

Publisert Sist oppdatert

Tilsetjinga av ny bibliotekssjef i Seljord har vore prega av mykje fram og tilbake. Det skapte reaksjonar då kommunen i haust trekte utlysinga og ville tilsetje dåverande organisasjon- og personalsjef, Ingeborg Nenseter Jensen, i stillinga. I desember vart stillinga lyst ut på nytt att, etter «at partane ikkje hadde blitt samde om føresetnadane». Førre veke kom beskjeden om at Jensen hadde blitt tilsett som ny biblioteksjef, utan at det har lukkast VTB få noko forklaring frå kommunen på kva som har endra seg frå desember til no.

Då dei trekte utlysinga i fjor haust opplyste kommunen at det var på grunn av «den økonomiske og budsjettmessige situasjonen, og av omsyn til interne vurderingar». Både fagforbund og lokale engasjerte seg i saka. Leiar i bibliotekarforbundet Glenn Carlsen Bjerkenes var blant dei som meinte tilsetjinga gjekk på akkord med kvalifikasjonsprinsippet og slo fast at ein «ikkje finn den best kvalifiserte ved å trekke ei utlysing og tilsetje internt». Nasjonalbiblioteket bad kommunen om ei forklaring på tilsetjinga. Det fekk dei av rådmann Rikke Raknes i slutten av oktober.

«Etter vår vurdering er det ikkje relevant om det kunne vore andre og eventuelt endå betre kvalifiserte søkarar til stillinga som biblioteksjef i omverda, då Seljord kommune sitt behov var å gjere innsparing og samtidig nytte intern kompetanse best mogleg», skriv rådmannen i svaret.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS