Seier nei: Ane Killingtveit (Sp) var ein av fleirtalet på fem i PMU som ikkje ville gje ekteparet Gunnarsli medhald i klaga.

Avviste konsesjonsklaga på Møsstrond. – Eg vil ikkje vere den som er med på å legge ned endå eit bruk

– Det er sørgmodig å lese det advokatane skriv om at det å drive med landbruk i Vinje er berre dumskap, sa Ane Killingtveit (Sp) då plan- og miljøutvalet fekk klaga frå advokatane til ekteparet Gunnarsli på bordet.

Publisert Sist oppdatert

Gunnarsli har kjøpt landbrukseigedomen Vest-Førnes og Galar på Møsstrond, men i februar sa kommunestyret i Vinje nei til å gje dei konsesjon.

I kommunestyrevedtaket fekk Killingtveit med seg eit fleirtal på ei tilleggsgrunngjeving som la vekt på omsynet til busetting og til utnyttinga av gardens landbrukspotensial. Desse poenga tok ho opp att då PMU handsama klagesaka onsdag. For i klaga kom det fram at dei nye eigarane har gjort undersøkingar og kome fram til at det ikkje er lønsemd i å gjere anna enn å selje rundballar.

– Eg synest det er trasig at fokuset blir at den garden kan ikkje drivast, der er det ikkje håp. Det meiner eg det er, absolutt. Det er ikkje sikkert at det er ei gullgruve, men at det kan vere ei god tilleggsinntekt, det kan det, sa Killingtveit. Ho var tydeleg på at ho ikkje ville ta klaga til følge.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS