Berre ein søknad om spelemidlar i Kviteseid kommune
Kviteseid-rådmannen ber fleire søkje om spelemidlar.
– Det er litt kjedeleg at det berre er ein søknad, sa rådmann Øystein Tveit då kommunestyret skulle «prioritere» spelemiddelsøknader torsdag.
Det er Kvitsund idrettslag som søkjer om 700 000 kroner i tilskot til Sundenuten klatrefelt i Kviteseid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Av dei 2,2 millionane sikringsprosjektet i Sundenuten klatrefelt kostar skal ivrige personar med klatreerfaring syte for 1,5 millionar kroner i eigenfinansiering.
Søknaden var altså den einaste til ordinære anlegg i kommunen i 2019, og kommunestyret har no sendt den vidare til fylkeskommunen som tar stilling til kven som får spelemidlar.
Søknaden gjeld tilskot til sikring av klatreruter, som reinsking av fjellet, rydding av vegetasjon, bolte ruter og sikre ruter opp fjellveggen. Det er også tenkt å bygge ein reiskapsbu til utsyr dei treng både under sikringsarbeidet og til utstyr dei tren framover.
Tiltkaet var med i prioriteringane til kommunen i 2018 men mangla då dokumentasjon på mellom anna kostnadsforslaget og blei difor ikkje godkjent då.
Stian Hauge har skrive søknaden og er grunneigar i området. Sp-politikaren blei erklært ugild då saka blei behandla.
Anlegg/tiltak som er under planlegging i Kviteseid
Aktivitetsområde Kviteseid skule, kommunen
Rehabilitering av lysløype Morgedal, Morgedal IL
Turveg Morgedal sentrum, kommunen
Turveg Kviteseid, kommunen