Betalar 8,2 millionar kroner for rutebilstasjonen
Ordførar Jon Rikard Kleven melder på Facebook at Vinje kommune har kjøpt dei gamle lokala til Telemark Bilruter i Åmot sentrum.
– Kommunen vil no ha ein prosess med brei involvering i den vidare prosessen med utvikling av Åmot sentrum. Houvdtanken er at dette kan skape meir handel og ein møteplass i denne delen av sentrum slik at vi får eit handelstorg på den sida av kommunehuset, og at det kan gje opning for å byggje omsorgsbustader og samle kommunale funksjonar på den andre sida av kommunehuset. Ingenting er fastlåst, og no har vi eit stort potensial for utvikling i ulike retningar, skriv ordføraren.
Kommunestyret vedtok i desember å leggje inn bod på rutebilstasjonen. Dei stemte ned intensjonsavtala med Bratlandsbygget, som formannskapet tidlegare hadde vedteke.