Bil hamna på taket
Måndag ettermiddag køyrde ein personbil av vegen og hamna på taket i Haukomgrendi i Kviteseid.
Politiet i Sør-Aust melder på Twitter at dei fire involverte skal vere ute av bilen og at ein person blir sjekka av ambulansepersonell på staden. Politiet opnar sak, og bilførar har fått førarkortet beslaglagt.
Politiet melder at det er glatt på staden. Uhellet skjedde ved plassen Voll i Haukomgrendi, på Kviteseidvegen i Kviteseid.