Bilbrann på E134 – vegen open att for fri ferdsel

Naudetatane rykte onsdag formiddag ut til ein brann i ein bil langs E134 i Seljord. Føraren blir sett til av helsepersonell etter å ha fått i seg røyk frå brannen.

Publisert Sist oppdatert

– Det er forsøkt sløkke brannen med eit branslokkingsaparat, men det lukkast ikkje, det er no full fyr i bilen, meldte politiet i den fyrste meldinga om brannen onsdag føremiddag. Bilen sto langs E134, ved Bygdaråvegen i Seljord.

Eit minutt seinare opplyste politiet at brannvesenet var på staden, og hadde sett i gang med sløkkearbeidet. Tre minutt seinare kom meldinga om at brannen var sløkt, og at brannvesenet dirigerte trafikken på staden fram til politiet kom fram ein halvtime seinare.

Bilføraren hadde fått i seg noko røyk frå brannen, og blir sjekka av helsepersonell.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS