Birger såg kongeørna angripe fem månadar gamle Tara

Birger Ormestøyl har hatt jaktbikkjer sidan 1985. Han har aldri opplevd liknande som han gjorde onsdag.

Publisert Sist oppdatert

«Veldig ubehagelig opplevelse i dag når kongeørna set kløane i valpen på ca 80 m ifrå meg, men etter ein rask spurt med skrik å skrål så slepp bikkja onda med ørna etter seg», skriv Birger Ormestøyl på Facebook om ørneangrepet onsdag.

Når VTB kontaktar Birger Ormestøyl sundag er han ute på fyrste tur i skogen med ungbikkja etter ørneangrepet. Den tyske jaktterrieren på fem månadar ser mykje opp i luftrommet og hugsar nok godt kva som skjedde førre tur. Etter kvart ser dei også ei ørn fly opp frå ein hjort dei observerer. Heldigvis heldt Tara seg i ro og verka ikkje skremt.

– Ho er ikkje laus nå for å sei det slik. Heldigvis er ho stø i hovudet, så eg trur det skal gå bra med ho. Eg kjem ikkje til å sleppe ho att før til hausten, seier Ormestøyl.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS