Fornøgd: Olav Jakob Tveit fortel om mykje velvilje i arbeidet med å få på plass ein kopi av den gamle madonnafiguren i Treungen kyrkje.

Biskopen og riksantikvaren er positive til utsmykkinga. – Alt går på skinner

Før jol skreiv VTB om Olav Jakob Tveit som ynskjer å lage ein kopi av ein eldgamal madonnaskulptur og plassere den i Treungen kyrkje.

Publisert

Madonna-figuren er frå 1270 og stod i den gamle kyrkja på Tveit fram til 1863. Då vart den flytta til Kulturhistorisk museum. I 160 år har figuren blitt oppbevart i eit magasin i kjellaren på museet i Oslo.

Olav Jakob Tveit har tatt initiativ til å lage ein kopi av figuren og få den synleg igjen i Treungen kyrkje. Soknerådet søkte før jol om løyve til å sette den gamle figuren inn i kyrkja. Nå har dei fått svar.

Både riksantikvaren og Biskopen seier ja til at den gamle madonna-figuren kan kome inn igjen i kyrkjerommet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS