Smitte i Vest-Telemark:
Dette er ei av kyrne som er smitta med blåtungevirus hos mjølkebonde Halvor Heggtveit i Kviteseid.
Privat
Blåtungesmitte påvist i Kviteseid. – Me forventar fleire smittetilfelle
Sju kyr på garden til Halvor Heggtveit i Kviteseid er smitta av den alvorlege virussjukdommen blåtunge. Det opplyser Ragnhild Sølberg ved Seljord veterinærkontor.
Blåtunge er ein nasjonal liste-1-sjukdom, altså ein særs alvorleg dyresjukdom. Før fjoråret var førre blåtunge-utbrott i Noreg attende i 2009. Viruset spreier seg med sviknott og er ikkje farleg for menneske, men rammar drøvtyggarar som sau, geit og kyr.
Verst er det for sau; der kan sjukdomen ofte vere dødeleg. For storfebønder fører sjukdomen til økonomiske tap, sidan blåtunge kan føre til redusert mjølkeproduksjon, at kyrne har vanskelegare for å bli drektige og at dei lettare aborterer.
Kort tid før fjorårets Dyrsku vart blåtungeviruset påvist i Agder, noko som førte til at det vart minimalt med drøvtyggande husdyr på husdyrmessa i Seljord.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP