VTB
Blei dømd til 75 timars samfunnsstraff etter jaktsvindel: 15 bedrageri mot minst 18 personar.
Vesttelen i 30-åra tok betalt for utleige av småviltterreng og jaktkort.
Nå har Telemark tingrett dømd mannen til samfunnsstraff i 75 dagar med gjennomføringstid på 150 dagar.
Tingretten konstaterte totalt 15 bedrageri mot minst 18 fornærma til ein verdi av 135 850 kroner.
Mannen selde mellom anna jaktkort på villrein for 2020-jakta og fekk forskotsbetalt. Han nekta straffeskuld og meinte han hadde vore «kanskje vel godtruande» og trudde det ville bli nok jaktkort til alle. Han forklara at han selde korta tidleg fordi han var i beit for pengar, og ville unngå å sitje med jaktkort det kunne vera vanskeleg å selje mot hausten. Mannen forklara at han hadde høyrd rykte om at 2020 ville bli eit normalt år med eit støre tal jaktkort, etter fleire år med svært låge kvotar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP