Samde i formannskapet: Fungerande ordførar Sondre Aasan (Sp), Terje Haugland (Sp), Peter Fjågesund (MDG), Edvard Mæland (H) og Halfdan Haugan (Ap) meinte ein måtte vurdere om ein kunne ta imot fleire enn 40 flyktningar dersom det blir behov.

Blei oppmoda om å ta imot 60 flyktningar. Sa ja til 40. – Det er heilt på grensa av det organisasjonen klarer

Eit samrøystes formannskap vedtok i førre møte at Seljord kommune kan busette inntil 40 flyktningar i 2023.

Publisert Sist oppdatert

I vedtaket står det at rådmannen får ansvar for å tilpasse bemanninga og tenestene til den ekstraordinære situasjonen, og rådmannen givast mynde til å vurdere kommunen sin kapasitet fortløpande. Det er ein føresetnad at mottak av flyktningar blir fordelt ut over året. Ved ein vesentleg større flyktningstraum til landet enn forventa i 2023, skal rådmannen fortløpande vurdere om det er mogleg å ta imot fleire flyktningar til Seljord.

Rådmann i Seljord, Rikke Raknes, fekk i desember ei bestilling frå kommunestyret om å legge fram korleis kommunen kan organisere tenestene på ein annan måte enn i dag, og vurdere tiltak.

Rådmannen fortalde formannskapet at ho ikkje hadde hatt god tid til å sjå på alle punkta som blei bedne om.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS