Bondelaget meiner regjeringa styrer mot ulvereservat
Norges Bondelag reagerer kraftig på at regjeringa ikkje vil gje løyve til å felle meir enn éin av tre ulveflokkar.
Nyleg blei det klart at regjeringa overprøver vedtak i rovviltnemnder om å ta ut tre ulveflokkar i ulvesona. Regjeringa seier ja til å ta ut bare Letjenna-flokken i Hedmark, og meiner det ikkje er grunnlag for å ta ut to andre flokkar.
Vedtaket om å felle bare éin flokk står fram som eit dårleg politisk kompromiss internt i regjeringa, meir enn reell vurdering av lokale forhold og rettsleg grunnlag, meiner Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.
Med regjeringas vedtak meiner Bartnes at i praksis blir ulvesona nærmast stadfesta som eit ulvereservat.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP