Det rette: Leiar i Telemark Bondelag Trude Flatland meiner det er trist, men rett å avlyse husdyrutstillinga på årets Dyrsku.

Bøndene om dei avlyste husdyrutstillingane: – Trist, men det rette å gjere nå

– Husdyrutstillinga er hjartet til Dyrsku'n, men i situasjonar som dette er det viktig og riktig å tenke på dyrehelse og dyrevelferd, seier ammekubonde og leiar i Telemark Bondelag, Trude Flatland.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag vart det kjent at husdyrutstillingane på årets Dyrsku’n blir avlyst fordi det farlege blåtungeviruset er påvist på sau på Sørlandet. Viruset kan vere dødeleg for sau, og gjev symptom som ein hard influensa for storfe.

– Det er sjølvsagt trist at det ikkje blir noko husdyrutstilling eller opningsparade, seier Flatland, som understrekar det likevel vil bli dyr å sjå både på Sterke Nils-tunet og i Husdyrhallen. Dessutan går hesteutstillinga som vanleg på laurdag.

Dyrsku'n er også ein viktig arena for folkeopplysning om landbruk. I år vert bondenæringa representert med bønder og husdyra som ikkje er i faresona for dette viruset, altså hest, høns og gris.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS