Bønder får produsere så mykje mjølk dei vil i år – overproduksjonsavgifta blir sett til 0 kroner
Landbruksdepartementet har bestemt at overproduksjonsavgifta for kumjølk blir sett til 0 kroner for 2024.
Landbruks- og matdepartementet (LMD), Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Tine har fredag gjennomført ekstraordinære kvotedrøftingar for kumjølk.
På bakgrunn av drøftinga har LMD bestemt at avgifta for overproduksjon av kumjølk blir sett til 0 kroner for 2024, slik at mjølkeprodusentane ikkje taper på å produsere meir.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette gir moglegheiter for auka mjølkeproduksjon og viser at vi har eit fleksibelt system, der produksjonen kan tilpassast behovet i marknaden, siger landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).
Det var Tine som foreslo å fjerne avgifta resten av året. Overproduksjonsavgifta er til vanleg på 490 øre per liter mjølk og blir brukt til å straffe bønder som produserer meir enn det dei har kvote til. No kan altså bøndene produsere så mykje mjølk dei vil ut 2024.
Ifølgje Nationen vil ei fjerning av avgifta gi mellom 1470 og 1480 millionar liter mjølk. Det vil innebere ein auke på 30–40 millionar liter.