Overproduksjonsavgifta er til vanleg på 490 øre per liter mjølk og blir brukt til å straffe bønder som produserer meir enn dei har kvote til. No kan altså bøndene produsere så mykje mjølk dei vil ut 2024 med 0 i avgift. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Bønder får produsere så mykje mjølk dei vil i år – overproduksjonsavgifta blir sett til 0 kroner

Landbruksdepartementet har bestemt at overproduksjonsavgifta for kumjølk blir sett til 0 kroner for 2024.

Publisert

Landbruks- og matdepartementet (LMD), Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Tine har fredag gjennomført ekstraordinære kvotedrøftingar for kumjølk.

På bakgrunn av drøftinga har LMD bestemt at avgifta for overproduksjon av kumjølk blir sett til 0 kroner for 2024, slik at mjølkeprodusentane ikkje taper på å produsere meir.

– Dette gir moglegheiter for auka mjølkeproduksjon og viser at vi har eit fleksibelt system, der produksjonen kan tilpassast behovet i marknaden, siger landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS