Kjempar for den lokale avdelinga, og 21 arbeidsplassar
I førti år har personar med psykiske helseplager fått behandling ved det distriktspsykiatriske senteret i Seljord. Nå fryktar dei tilsette at avdelinga blir lagt ned.
Då Borgar Sørensen begynte å jobbe som sjukepleiar på Seljord DPS, for tolv år sidan, var det to døgnpostar og ein poliklinikk ved senteret. Sidan har tilbodet blitt redusert. I 2014 vart ein av sengepostane lagt ned. I fjor vart det polikliniske tilbodet redusert etter at poliklinikken blei flytta til Notodden. I tillegg til utekontoret, som er ope tre dagar i veka, er det i dag ein sengepost med ni senger att i Seljord. Nå fryktar Sørensen at også denne forsvinn.
– Dette er ikkje bra nok
Artikkelen held fram under annonsen.
Psykiateren, som dei ti siste åra har vore tilsett på døgnposten i Seljord, har blitt pensjonist. Å rekruttere ny har vore vanskeleg. Sjukehuset Telemark har lyst ut stillinga i både Noreg, Sverige og Danmark, utan å få tilsett nokon. I ein overgang har dei nytta seg av vikarbyrå, men dette er inga varig løysing.
I september fekk dei tilsette beskjed om at dersom det ikkje er ein psykiater på plass innan jol, vil døgntilbodet i Seljord bli lagt ned og sengeplassane flytta til Notodden og Skien.
Det er 21 tilsette ved distriktspsykiatriske senteret i Seljord. Dei fleste med vidareutdanning i psykisk helsearbeid. Mange av dei har jobba der i mange år.
Om døgnposten blir lagt ned har dei fått beskjed om at dei ikkje mistar jobben, men at dei vil bli flytta til andre avdelingar i Telemark. På posten i Seljord er det tilsette frå ulike stader, blant anna frå Seljord, Morgedal og Fyresdal.
– Og for mange av oss er det uaktuelt å jobbe i Skien eller på Notodden, seier Sørensen.
I staden for å flytte 20 fagfolk til andre avdelingar i fylket, meiner han ein må sjå på om ein kan løyse utfordringa med psykiater på anna måte.
Sørensen har høyrt at leiinga ved sjukehuset seier at dei har snudd kvar stein.
– Men dette er ikkje bra nok, seier sjukepleiaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han meiner det er mogleg å finne praktiske løysingar, om ein vil.
Størst konsekvensar for brukarane
Det er 21 arbeidsplassar som står på spill dersom avdelinga i Seljord blir lagt ned, men det er pasientane Sørensen er mest oppteken av.
Avdelinga i Seljord er eit tilbod til personar med psykoseproblematikk og andre alvorlege psykiske sjukdommar. Dette er brukarar som ikkje ropar høgt. Mange av dei har også lite nettverk.
– Derfor må me seie ifrå, meiner Sørensen.
Han legg vekt på den kjennskapen avdelinga har til desse pasientane, og til kommunane dei bur i. Kjennskap som dei har bygd opp gjennom å arbeide med denne pasientgruppa i mange år.
Å følgje opp personar med alvorleg psykisk sjukdom meiner han er god førebygging. Ikkje berre viktig for den enkelte og deira pårørande, men også for samfunnstryggleiken.
Lang avstand vil gå utover samarbeidet
I 1990 var det ifølgje SSB 7 745 psykiatriske sengeplassar i Noreg. I 2023 var talet redusert til 3 296.
Den nasjonale satsinga har vore at fleire skal få hjelp og oppfølging der dei bur, ute i kommunane og ved lokale distriktspsykiatriske senter. Det gjeld også dei som er alvorleg psykisk sjuke. For denne gruppa er eit samarbeid mellom kommunen og spesialisthelsetenesta særleg viktig.
Artikkelen held fram under annonsen.
Og dette samarbeidet har fungert bra i Vest-Telemark, meiner Elin Erikstein som er koordinator for psykisk helse i Tokke.
– Me opplever at dei er fagleg sterke og har god kompetanse i Seljord, seier ho.
Til døgnposten er det også knytt eit ambulant team som gjev tilbod til pasientane når dei er heime. Dei følgjer blant anna opp dei som er under tvungent psykisk helsevern, og gjev rettleiing til kommunane. På avdelinga i Seljord har dei også ei «brukarstyrt seng» der personar med behov for jamlege innleggingar kan ta kontakt sjølv ved forverring av helsetilstanden. Dette tilbodet opplever Erikstein at har vore viktig for brukarane, og også for dei som jobbar i kommunen.
Erfaringa hennar er at pasientane gjerne vil til den lokale døgnposten.
– Dei kjenner seg trygge der, seier ho.
Om sengeplassane nå blir flytta fryktar ho at tilbodet til ei sårbar gruppe vil bli dårlegare, og at det også vil gå utover samarbeidet med kommunane.
Frå fleire av kommunane i Vest-Telemark er det over to timar å køyre til Notodden.
– Og det gjer noko med samarbeidet, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har sendt bekymring til helseministeren
Saka om Seljord DPS har fått fleire av Stortingspolitikarane frå Telemark til å reagere.
Ein av dei er Tobias Drevland Lund frå Raudt. Saman med lokalpolitikar og partifelle Ivar Barstad har han tatt turen til døgnposten i Seljord for å høyre om tilbodet.
Sjukepleiar Sørensen syner dei avdelinga, som han meiner er godt tilrettelagt for personar med psykoseproblematikk. Gangane er breie og avdelinga oversiktleg. Sørensen fortel at dei også nyttar seg mykje av uteområda i Seljord. At det er så landleg rundt avdelinga meiner han er med på å gje ei ro.
Politikarane får sjå uteområdet der det er fint å gå tur, og der dei som ynskjer å gjere noko praktisk også kan vere med på å kløyve ved.
– For mange er dette ein fin aktivitet, fortel Sørensen.
På området er det også sett opp ein gapahuk, der ein kan sitte under tak.
Drevland Lund reagerer på at helseføretaket vurderer å leggje ned døgnposten i Seljord, og har sendt eit skriftleg spørsmål til helseministeren. Han viser til Stortingsvedtaket frå i fjor der Stortinget ber regjeringa om umiddelbart å stanse nedbygginga av døgnplassar i psykisk helsevern, og spør Statsråden om korleis han meiner det står i stil med at DPS i Seljord har fått beskjed om mogleg avvikling.
Lovar bråk frå Stortinget
Stortingsrepresentant Bård Hoksrud (Frp) har også engasjert seg for DPS i Seljord.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg kan love dei litt bråk frå Stortinget, seier han.
Politikaren ser at fleire DPS rundt om i landet blir lagt ned.
– Dette er stikk i strid med alle politiske signal og føringar om å flytte tenestene nær der folk bur, seier han.
Hoksrud skulle gjerne sett meir initiativ frå sjukehuset for å prøve å løyse situasjonen med å finne ein psykiater.
– Om ein er kreativ og vil, er det utruleg kva ein kan få til, seier han.
Senterpartipolitikar Åslaug Sem-Jacobsen er også engasjert i saka.
– Eg er veldig bekymra — og skikkeleg frustrert, seier ho til VTB.
Då ho fekk høyre om faren for nedlegging av tilbodet i Seljord sende ho straks ei bekymringsmelding til Senterpartiet sine folk i helse- og omsorgskomiteen. Nå planlegg ho eit møte der omstillinga på Seljord DPS er tema.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg håper at sjukehuset nå gjer alt det dei kan for å oppretthalde tilbodet og arbeidsplassane i Seljord, seier ho, og forsikrar om at også ho vil følgje godt med på denne saka.
Hastar med å finne ei løysing
Den erfarne sjukepleiaren ved Seljord DPS meiner det hastar med å finne ei løysing. Dei er alt i gang med omstillingsarbeidet og fleire av dei tilsette ser seg om etter anna arbeid.
– For kvar dag som går vil folk søke seg til andre jobbar, seier han.
Tilbodet på avdelinga har blitt bygd opp over førti år.
– Det er trist om det nå skal bli rasert på tre månader, seier han.